Norsk Årbok 2010 er i kjømdi.
Norsk Årbok er ei skrift til fremjing av høgnorskt mål. Fyrste rekkja kom ut 1920–39; andre rekkja kjem ut sidan 2005.
I år tek mange av stykki i Norsk Årbok oss i filosofisk leid. Me skal sjå på samanhanget millom lukka og visdom og so natur og kultur, og nysta upp trådane dedan og til tungemålet dessmeir. Millom skrivarane finn me kjende og kjære namn som Asbjørn Aarnes, Johannes Gjerdåker og Kristin Fridtun, og me byd på atterdiktingar etter Friedrich Schiller, Arthur Schopenhauer, Louise Labé, Čearbmá-Ovlla og Jon av Krossen.
Norsk Årbok skal vera eit vegamot for folk som vil skriva på sjølvlitande norsk, og dei som vil lesa det. Boki skal taka upp ålment forvitnelege emne frå kultur, vitskap og samfund, og tena til uppkoma og utveksling av norske nemningar frå ulike umkverve, og til odling av norsk skrivekunnesta og målkultur i det heile.
Innehald:
* Ole Jakob Totland: Ny dag
* Asbjørn Aarnes: Stubbar
* Thorgeir Holm: Juan de la Cruz – Kvike kjærleiks loge
* Kristin Fridtun: Ordsaumen
* Per Esben Svelstad: Louise Labé – diktarkvinna frå Lyon
* Thorgeir Holm: Um å rekne ut det gode
* Johannes Gjerdåker: Schiller – Lukka og visdomen; Schopenhauer – Sonett
* Gudmund Harildstad: Olav H. Hauge om Olav Kaste
* Håvard Tangen: Um Hans Reynolds og Idar Handagard
* Olav Aukrust: Hugen
* Magne Myhren: Ivar Aasen til fots i norsk fjellheim
* Olav Sletto: Under stjernebrui
* Torstein Sausjord: Endeleg Jol; Jol
* Jon Bleie: Korleis eg vart bokven
* Kjell Kjerland: Eddie Constantine – eit umgrip som skil generasjonar
* Olav Sletto: Ord um arbeid
* Andreas Bjørkum: Meir om midlandsmålet
* Jon Todal: Eit dikt etter Čearbmá-Ovlla
måndag 13 december 2010
tisdag 30 november 2010
VG og Dagbladet på nynorsk
I går kunde me ha det moro med VG og Dagbladet på nynorsk. Denne pretta sette NMU i verk til å syne kva dei meiner um at dei tilsette i dei tvo bladi ikkje fær skrive redaksjonelt tilfang på nynorsk. Nett den saki skal eg lata liggje no, men heller ta upp eit anna høve som synte seg tydeleg på dei umsette netsidone: den løgjelege umsetjingi.
Grunnen til den mislege målføringi er einfeld: Umsetjingi vart gjord ved hjelp av brukendet Apertium. Likevel var det eitkvart kjent med dette bokstavuføret, som døyvde låtten og drog med seg ein dåm av fyrebod um røynlege tilhøve.
Ja – same typen umsetjing kann me sjå dagstødt i offisielle dokument på nynorsk, anten det kjem frå ein minister eller eitkvart lokalkontoret av ein statleg etat, eller um det so er ein statleg netportal «på nynorsk». Grunnen til dette er like einfeld som fyrr: Umsetjingi vert gjord ved hjelp av eitkvart brukendet, eller i beste fall av eit hovud som verkar på same maskinelle måten, d.e. at annakvart ord vert umsett på von og våge i den radi det kjem, utan hått eller hug for nynorsk målkjensle.
Med tanke på den tekstmengdi som sig frå det offentlege, skulde det ikkje vera rart um hovudfjøldi av «nynorsk» tekst var soleis tilkomi. Det fær furdelege fylgjor.
Det fyrste som melder seg, er at sume tek til å tru at nynorsken skal vera slik. Ein viljelaus etterapar av bokmål, med ei gamal nynorskkrydde histen og pisten til å sprite upp byråkratstilen og vera alibi for eit eige skriftmål – i namnet. Dét er ille, men det vert verre.
Dinæst, må vita, fær me ei rettskrivingsnemnd som skal gjera nynorsken endefram og dagnær. Lat oss kalle ’na Riise-nemndi. Denne nemndi tek seg fyre å leite upp kva slags nynorsk som vert mest nytta, og setja ’n i høgsætet. Som sagt ovanfyre, er kje det anna en maskin-nynorsken, fengin til vegar av umsetjingsbrukende og tilsvarande maskin-tenkjande hovud som i grunnen liver i bokmålsverdi. Utkoma lyt då verte slik: Tradisjonell målkjensle vert kasta på hovudet og rævi ut or offisielt bruk, og inn kjem ein maskinumsett bokmålsnynorsk som neppe er fin i dikt eingong.
Og kva kann ein då krevja av spalteplass for målet sitt?

Etiketter:
apertium,
dagbladet,
maskinoversetting,
nynorsk,
rettskriving,
vg
Prenumerera på:
Inlägg (Atom)