I ein replikk i Nationen 22. mars kallar direktør Arnfinn Muruvik Vonen og styreleidar Ottar
Grepstad i Språkrådet innlegget mitt 13. mars «svært misvisande». Vonen og Grepstad skriv at «tilrådd norm» ikkje er obligatorisk å bruka for nokon. Det verkar derimot noko sjølvmotsegjande å konkret vedtektsfesta ei norm som ikkje er obligatorisk for nokon.
Helge Dyvik, leidar for «fagråd for normering og språkobservasjon» (eitt av fire fagråd i Språkrådet), peika på i eit møte med språkrådsstyret i august i fjord «at den tilrådde norma, i rein forlenging av innstillinga, kan sjåast på som ei de facto gjeninnføring av tonivåsituasjonen, og at ei slik norm uansett vil bli autoritativ når ho kjem frå Språkrådet.» Endre Brunstad (ein annan medlem av fagrådet) melde noko tilsvarande i Norsk Tidend i fjord. Meiner Vonen og Grepstad at deira eige fagråd er «svært misvisande»?
Inga kommentarer:
Skicka en kommentar