Hovudpunktet i mandatet til rettskrivingsnemndi er «å laga ei tydeleg, enkel og stram norm». Nynorsken skal på nytt brigdast.
Det er rett at talet på former i rettskrivingsframlegget er mindre enn det samla talet på hovud- og sideformer i gjeldande rettskriving, men talet på former i læreboknormalen aukar; former med mykje større bruksutbreiding enn sideformene. Det er desse formene nynorskbrukarane oftast møter – t.d. i lærebøker, i det offentlege og i NRK. Språkbrukarar lærer normi fyrst og fremst etter skriftlege fyredøme, ikkje etter uppføringar i ordlista. Desse fyredømi vert no meir formsprikjande. Me fær ein nynorsk som er mindre «tydeleg, enkel og stram» enn fyrr.
Sér me på stavingi, skal på lag 400 former ut. Nær sagt alle ufrekvente. Fleirtalet av former stend att. Nær sagt alle frekvente. Problemet er dei ofte nytta formene – det er paradokset. For nemndi, derimot, er det viktugare å få ned valfridomen i ord som bolung, bræsa, brækta, laugsta og mange andre slike ufrekvente ord enn å få ned valfridomen i frekvente ord som fylgja, ynskja. Med ufrekvente ord meiner eg ikkje ord som harr/horr, tall/toll, tyr/tjor, endå dei er sjeldsynte i skrift. Talet på strokne ufrekvente former, serleg former av ufrekvente ord, er einast pynt i statistikken og bøter ingenting på problemet. I frekvente ord aukar jamvel nemndi valfridomen – t.d. ynskja, ynskje, ønskja, ønskje, ynske, ynska, ønske, ønska. Att stend eit nynorsk kjerneordtilfang med auka formsprik, medan hovud- og sideformer alle vert gjorde til hovudformer. Skipnaden med hovud- og sideformer – bolverket mot altfor stort formsprik – er burte.
Bokmål er ikkje meir talemålsfjernt enn at alle rimeleg lett kann læra seg det både munnleg og skriftleg. Her møter den praktiske talemålsnærleiken den ideologiske. Folkemålstanken er avløyst av folkemålskarikaturen, folket av egoet. Det som liksom skulde vera den store fyremunen med nynorsken – valfridomen og talemålsnærleiken – gjer til sist ende på nynorsken. Draumen um eit sers talemålsnært skriftmål vert røynd for fleire og fleire når bokmålsnært talemål breider seg meir og meir ut.
Ingen av oss ventar ei norm utan valfridom eller ei norm bygd på anna enn gjeldande norm. Nynorsk toler òg inkonsekvensar. Det ideelle er ikkje målet, men rettskrivingsframlegget er langt verre enn status quo. Ei reindyrking av altfor stort formsprik i kjerneordtilfanget må enda i ein tragedie for nynorsk bruksmål. Då kjem få eller ingen i framtidi til å lesa Ivar Aasen, men heller ikkje Edvard Hoem, men mange kjem til å lesa Holberg og Bjørnson og høyra bokmål på Det Norske Teatret, det nye talemålsnære folkemålet.
Inga kommentarer:
Skicka en kommentar