Framhaldssoga um valfritt sidemål kravlar på. No segjer skulebyråden i Oslo at han vil gå inn for å gjera den skriftlege delen av sidemålet valfri. Les: valfri nynorsk. Sér me burt frå at det ikkje er upp til skulebyråden å endre læreplanen i skulen, men å syte for at elevane fær den undervisingi dei har krav på, sit me like fullt att med eit forvitnelegt spursmål:
Når den skriftlege delen fell burt, kva fær me då? Jau, munnleg nynorsk.
Munnleg nynorsk, eller tala norsk, me kallar, er sant og visst noko mange treng upplæring i. Me høyrer jamt gjerdlause uttal som [sʉ:mar], [ja:ʈa] og [fyʂʈ] for sumar, hjarta og fyrst, der det heller munde låte [sumar], [jaʈa] og [fʏst]. For d’er no so, må vita, at nynorsk har sine eigne uttalereglar som vik av frå hosse bokmål vert uttala. Me les ikkje fransk med tyske uttalereglar heller.
Kvifor lærer me kje dette i skulen? Jau, med samnorskpolitikken, som held fram under falskt flagg med rettskrivingsnemndi for Nynorsk 2012™, er nynorsk vorti ei gjerdlaus blanding av norsk og bokmål som blandar tvo normeringsprinsipp i same gryta. Dét er kje noko samnorskpampane vil høyre gjeti, og difor er det ikkje med i læreplanen. So ein næming veit snaudt um d’er fugl eller fisk han set tennene i når han gapar yver nynorske ord. Ikkje utan upplæring.
Er det so at skulebyråden i Oslo vil rette upp i dette mishøvet og syte for god upplæring i munnleg nynorsk, lyt me strakst takke ’om for godt upptak til gagns verk. Den valfrie skriftlege delen vert usætande då – lærer elevane god munnleg nynorsk etter ekte nynorske reglar, vert dei skrivand mange gonger betre, heilt av seg sjølve, en det dei gjer i dag med skriftleg nynorsk på timeplanen.
Men er det so at skulebyråden berre talar tull og meiner pylse (valflesk), lyt me spyrja’n um prinsippet um valfridom femner høvet til å velja ei god og fullnøgjande upplæring, for dét vantar i dag.
Inga kommentarer:
Skicka en kommentar