Språkrådet samtykte 20. mai til ny nynorskrettskriving, utan sideformer. Endå fyrste punkt i mandatet til rettskrivingsnemndi var å laga «ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer», slær vedtaket 20. mai kontra og segjer at valfridomen no vert so stor, at Språkrådet difor skal laga ei «tilrådd norm» (utan valfridom) til bruk i offentlege og private institusjonar.
Det er usannsynlegt, serleg i alt formmylderet, at staten ikkje fylgjer tilrådingi åt Språkrådet – «statens fagorgan i språkspørsmål». Bruksområdet og kunnskapskravet til «tilrådd norm» og gamal læreboknormal fell då saman. «Tilrådd norm» svarar til gamal læreboknormal, innkomen bakvegen. Alt utanfor «tilrådd norm» svarar til gamal sideformnormal.
Når skilet millom side- og hovudformer ikkje lenger er vedtektfest, vert normeringi og godkjenningi av ny «læreboknormal» flutt ned på administrasjonsnivå. Det er same nivå som når Språkrådet gjev råd i teiknsetjing eller gjer innkjøp til kaffien. Departementet misser då avgjerdsmakt, og ålmenta misser innsyn. Høyringsrunden var på falske vilkòr.
Språkrådet bed departementet godkjenna ny rettskriving fyre 1. september 2011, innan «tilrådd norm» vert vedteki på styremøtet februar 2012. Skulde Språkrådet lyfta normeringi av «tilrådd norm» upp på eit høgare, meir offisielt nivå enn eit administrasjonsnivå, inneber det ein synleg kritikk av rettskrivingsnemndi og ei formell umgjering av styrevedtaket um å taka burt normhierarkiet. Då fell heile argumentasjonen for den nye rettskrivingi i grus. Difor lyt normeringi av ny «læreboknormal» gjerast på administrasjonsnivå, på «kammerset». Aldri er nynorsken vorten normert av so få og med so liti innsyn.
Vedtaket um ei «tilrådd norm» målber at siste ord heller ikkje denne gongen er sagt um normeringi eller normhierarkiet, liksom sist gong departementet avviste rettskrivingsframlegget.
tisdag 7 juni 2011
Prenumerera på:
Kommentarer till inlägget (Atom)
Inga kommentarer:
Skicka en kommentar