Visar inlägg med etikett normering. Visa alla inlägg
Visar inlägg med etikett normering. Visa alla inlägg

måndag 6 augusti 2012

Ny rettskriving i nynorsk – alt som fyrr?

1. august fekk me ei ny offisiell nynorskrettskriving. Dette kunde vore ein festdag for nynorsken, segjer styreleidaren i Språkrådet, Ottar Grepstad, hadde det kje vore for dei som skapar usemju um den nye rettskrivingi. Samstundes dreg Grepstad fram den «breide semjo» um den nye rettskrivingi som fremste fyremunen ved ’ne. Korleis desse utsegnene heng i hop, hadde vore morosamt å høyrt. Det er likt til at den som tek til motmæle mot språkrådslina, definerar seg ut or det gode nynorskselskapet. Det tagale fleirtalet, derimot, vert utan motfyrestellingar teke til inntekt for språkrådslina, som soleis representerar «folkeviljen». Slik kann ein argumentere når ein sit med makti.

Som stoket kring «høgtidingi» av den nye rettskrivingi syner, finst det usemju, og denne usemjo hev betre grunnlag en Grepstad og hine nynorsktoppane gjev tokken av. Skilsmålet speglar beint fram målstoda her til lands, som er sermerkt av ei vidsveimd normalisering mot bokmål i alle strok av landet – beinveges eller umveges. Spursmålet som ris or denne stoda, er um nynorsken skal vera ein samnemnar for systemet i dei nedervde norske målføri, til skilnad frå den hegemoniske prestisjen i det norskdanske bokmålet, eller um han skal vera eit tenkt statistiskt kompromiss millom alt talemålet i Noreg, noko som i røyndi inneber at han lyt rette seg etter det breidale bokmålet i det meste.

Heller en å argumentere for vegen dei hev valt, forsvarar Grepstad og hine nynorsktoppane lina si ved å svartmåle motstandarane sine det beste dei vinn: Heller en å ordskiftast vitskapleg um målstoda og dei pedagogiske prinsippi for ei skriftmålsnorm, blæs dei heile motstandet burt som «folk som vil skrive slik dei gjorde fyre 1938», utan å våtte det røynlege argumentet: at dei «gamle» prinsippi Aasen nytta, er tidlause. Utan desse prinsippi hadde me kje fenge noko nynorskt skriftmål i det heile.

Lat meg bada i fordomane med eit samandrag på det gamle versmålet dróttkvædt:

Eg fretter fy-ord frå Ottar,
men fyser kje lyse semju:
Viljen må likare vike, for
vitet er vondt å vande.
Glodi og greida i målet
lyt gagnlaust meinkast og tagne;
då skrånar voni i skulen:
Med skam lyt dei skrive vaml.

Reglane i versmålet tvingar skalden til å nøyte ordfanget i målet. Det er ei idrott me rosar når det gjeld prestisjefylde mål som engelsk, men ofte gjer narr av når det gjeld norskt mål. Det er denne svivyrdnaden som ty’st liggje i botnen for uviljen mot «gamalt» mål i Språkrådet dessmeir.

Ordforbod?

Det hev vore sagt at den nye rettskrivingi kvittar seg med mange lite nytta ord, men det er ei mistyding, må vita – det er skrivemåten av ordi det gjeld.

Li’vel er det tilfelle at sume meiningslause reglar i den nye rettskrivingi gjer nokre vanlege ord forbodne. Det råkar til dømes ordet tilstelling, med di -stelling jamt skal vike for -stilling, og det råkar ordet truverde, med di verde skal ut for verd og verdi. Men dette er kje ulike skrivemåtar av same ordi, det er ulike ord som ikkje yverlappar einannan fullt ut. Soleis er det kje noko som heiter *tilstilling eller *truverd. Ein kann med retto segja at Språkrådet hev kvitta seg med alt truverde. Det er vanskeleg å ta slike påfynster for ålvoru.

Ei onnor blæme i den nye rettskrivingi er det når Riise-nemdi sagde ho vilde gjenomføre den tradisjonelle bøygjingi av e-verb i preteritum, men endå fyreskreiv før-te. Den tradisjonelle bøygjingi er før-de, må vita. Dette er so sentralt i målet at det grip inn i den daglege skrivingi, å kalle, åt den vanlege målbrukaren, og rører dessutan ved samsvarsbøygjingi som system.

Slik kann me halde fram med meiningsløysone. Det liknar til at slump og kunnskapsbrest ligg i botnen for mykje av den nye rettskrivingi, og dess minder kann me skynja uviljen toppane i Språkrådet hyser når det gjeld å gå ved desse audsynte lyti og rette upp i rotet.

Men dette er detaljar, kann sume hævde, kor pinsame og fjølge dei enn er. Kvifor er den nye rettskrivingi so veil i heilo?

Normløysa i nynorsk gjer bokmål til norm

Mantraet frå Språkrådet er at folk flest kann halde ved å skrive slik dei hev gjort. Samstundes presenterar den retoriske euforien den nye rettskrivingi som eit stort sprang fram. Korleis alt dette heng i hop, fær vera ei gåte.

Folk flest fylgjer ikkje rettskrivingi fullt ut, og det kjem dei visst ikkje til å gjera med denne nye rettskrivingi heller. Det same gjeld dei tilsette i staten, som skylder å fylgje ’ne. Retten til nynorsk er ei dagleg hæding og ein dåleg vits, slik han tér seg i praksis. Slik sét er det rett at ho ikkje fører med seg noko stort umbrøyte i skrivevanane åt folk, denne nye rettskrivingi.

Men det er nettupp denne normløysa og dette skrivevirvaret som den nye rettskrivingi skulde bøte på ved å sy den offisielle nynorsken um til ei endefram, trong norm som folk kunde kjenne att og lære. Det fekk me ikkje. Virvaret er ikkje burte. Valfridomen er berre flutt i bokmålsleid, og dét gjer ikkje nynorsknormi stødare eller greidare, snarare tvert um.

Sylfest Lomheim, fyrre direktøren i Språkrådet og sjunde far i huset, segjer det er lett å attervise at den nye rettskrivingi gjeng i bokmålsleid. Er det kje sant at mye, noe og -lig hev lote vike for mykje, noko og -leg, kanskje?

Fasiten er greid. Der valfridomen vert nedskoren, er det oftast bokmålsformene som vinn. Attpå kjem det meir en 100 nye bokmålsord og -former ubede inn i den nye rettskrivingi. Det er noggrant dokumentera.

Dei sermerkte nynorskformene som stend att som eineformer og hev gjenge under namnet «signalord», er forvitnelege av di dei klårt syner kva veg Riise-nemndi og styret i Språkrådet hev valt for nynorsken: Planen er ikkje å gjera seg sjølve arbeidslause ved å gjenomføre den gamle samnorskplanen um samansmelting millom nynorsk og bokmål. Den leiken er bokmålet ferdug med. Planen er ein ny slags samnorsk der nynorsk vert ei nær automatisk spegling av bokmål, eit avbrigde utan mykje eige system å tala um, berre med ei liti samling signalord. Slik kann nynorsken snylte på bokmålet og låst vera det samlande «folkemålet» som vulgærvarietetane av bokmål er åt å verte.

Det spyrst kor lenge styremaktene sér seg tente med å stydja upp um dette narrespelet. Når nynorsk vert ein variant av bokmål ved di alt som stikk seg for mykje ut frå bokmål, vert banna, er den kulturelle og praktiske grunngjevingi for nynorsk som jamstelt statsmål burte. Mållovi er innhol som ho er i dag, og det trengst berre ein innful rådgjevar for å gjera ’na so innhol at berre skalet stend att og heile skipnaden kann rydjast undan når vel folk hev vant seg til stoda.

Fritt fram for godt mål

Er det so uråd å skrive nynorsk i tråd med tradisjonelle mynster for kva som er rett og høvt no? Nei då. Det eine er at me i grunnen skriv som me vil. Det andre er at det same mykje attåt gjeld i høve der me tenkjer oss at me lyt skrive i samsvar med den offisielle rettskrivingi òg. Tenk etter: kor ofte sér du skriv frå staten som fylgjer rettskrivingi i alt? Just so. Vanleg laver det med ljote mistak i slike tekster. Men nett som det ikkje synest finnast sanksjonsråder mot låkt mål, kann det kje finnast sanksjonsråder mot godt mål heller.

Statstilsette kann difor trygt leggje målet sitt etter tradisjonelle mynster som skeiner noko utanum den offisielle rettskrivingi. Normi som er uppsett av Arvid Langeland og Ola Breivega, er ei god praktisk hjelperåd i so måte.

Og til reinhekla målkjærleik og livberging for dei nedervde målføri hev me allveg høgnorsk.

onsdag 25 januari 2012

Pedagogiske vanskar

Fyrrdagen fekk Kristin Halvorsen mange lastord frå målrørsla for det flest alle sér som ei varsla nedbyggjing av upplæringi i nynorsk i skulen. Um Halvorsen skal ha lastord for noko her, lyt det helst vera for at ho strøyer sand på eit illtevjande framlegg frå Utdaningsdirektoratet utan å kjenna nåstanken eller utan å gå ved at det ligg ein hund nedgraven einkvan staden. Men lat no SV-Kristin liggja.

Utdaningsdirektoratet har kome med eit framlegg der dei formelle kravi til kompetanse i sidemål (les: nynorsk) skal minskast, og den eigne karakteren i sidemål fell burt. Sér me på røyndi ute i skulen, er det so som so med kompetansen i upplæringi alt i dag. Når den eigne karakteren um so er fell burt, fell siste tildrivet til å gjera noko som helst med nynorskupplæringi burt, det mèd.

Kva dette fær å segja for nynorskkompetansen åt folk flest, er uvisst; alt i dag sér me mange tidlegare elevar som med handi på hjartat sver på at dei ikkje kann – og snaudt skynjar – nynorsk. Skilnaden er at dei no kjem til å kunna segja at denne kunnskapsskorten er i tråd med læreplanen i norsk!

Når ein ikkje lenger kann setja fyre at folk flest har grunnleggjande kompetanse i nynorsk, vert det vandt å halda uppe kravet um at nynorskbrukarar skal sjå nynorsk i møtet med statsorgani. Til det er byråkratiet for stort. Me kann soleis venta at næste stiget vert ei formell utholing av mållovi. Ikkje på dette umkvervet heller svarar røyndi i dag til dei formelle lovkravi, men mållovi har ingi sanksjonsråder, og då so.

Utdaningsdirektoratet ser soleis ut til å på eige tildriv føra ein målpolitikk som vil avskipa nynorsk som jamstelt offisielt mål i Noreg. I staden for å ta tak i dei pedagogiske problemi i undervisingi, vil direktoratet løysa floken ved å klyppa sund heile tråden.

Men har dei andsvaret åleine?

Eller kvifor kann dei i det heile koma med eit slikt vitlaust framlegg?

Jau, dei er ikkje åleine um vitløysa i statlege organ, og største andsvaret ligg fulla på Kulturdepartementet og Språkrådet. Det er dei tvo som styrer med sjølve nynorsken i statleg bunad, og Utdaningsdirektoratet kann ikkje anna en å ta fyre seg den nynorsken dei fær på bordet. Når offisiell nynorsk med virvaret sitt av former utan system og samanhang er vorten ei pedagogisk blautmyr som ingen korkje kjenner skyldnad til eller sér fyremunen i å fylgja, vert dei praktiske vanskane med å læra «normi» so store at det grensar mot løgje og toskeskap å freista låst som det ikkje er dette som er sjølve storvanden i nynorskupplæringi. Men det er det ikkje upp til Utdaningsdirektoratet å segja.

Det me saknar, er ei fast, tydeleg norm som staten nyttar og som elevane lærer, ikkje eit pseudolingvistiskt frigjeringseksperiment med valfrie former i aust og vest som longo har synt seg å ikkje fungera. Fær ein på plass ei slik norm, kann ein laga betre pedagogiske upplegg, og då har ein noko å slå i bordet med når Utdaningsdirektoratet tek lettaste vegen undan jobben sin.

Det gjev seg sjølv at ei slik norm ikkje kann vera eit bleikt avbrigde av bokmål, slik det vedtekne framlegget til ny nynorskrettskriving legg upp til. Dersom tanken med nynorsk vert redusera til ei liti lista med ord som er sereigne for nynorsk, og ein liten tabell med grammatiske former som vik av frå bokmål, slik at eit automatiskt umsetjingsprogram greider biffen, er legitimiteten til nynorsk som kulturarv og eige mål burte.

Det hjelp difor lite alt Håvard Øvregård og Noregs Mållag lirar av seg av i og for seg sers gode argument i striden mot direktoratet – røyndi byggjer ikkje upp under argumenti. Dei lyt byrja med grunnlaget for nynorsk:
  • Ei fast, tydeleg norm for nynorsk som eit eige mål (ikkje «målform») på eigi tuft.
  • Røynleg jamstelling med røynlege sanksjonsråder som gjer at staten lyt syta for å gje folk dei målrettane dei har krav på.
Då kjem resten so mykje lettare.

fredag 21 oktober 2011

Ukultur i Språkrådet

I stykket «Framleis uvisse om ‘tilrådd nynorsknorm’» i Nationen 26. september forsvarar direktøren i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, vedtaket i Språkrådet um «tilrådd norm» ‒ ei halvoffisiell norm innanfor den nye og vide rettskrivingi, eller ein snikinnførd og ny læreboknormal som mange hev kalla det. Kulturdepartementet hev enno ikkje teke stilling til dette umstridde vedtaket.

Grunnen til vedtaket um «tilrådd norm» er lett å skyna ‒ den store valfridomen og formspriken i ny rettskriving er uleveleg. Språkrådet sannkjenner den store valfridomen i vedtaket um ny rettskriving på styremøtet 20. mai, der det heiter at ny rettskriving «balanserer godt den store talemåls- og skriftspråklege variasjonen som er særmerkt for nynorsk».

Men ein stor skriftspråkleg variasjon kann korkje sameinast med mandatet um «ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer» eller med prinsippet um «stabilitet» i nynorskrettskrivingi, prinsippet Stortinget slutta seg til. Difor må Språkrådet fastsetja ei «tilrådd norm» innanfor den nye og vide rettskrivingi.

Muruvik Vonen er derimot ikkje samd i at «tilrådd norm» er ein snikinnførd læreboknormal. Han lovar at statsorgan og lærebokforfattarar kann bruka den nye og vide rettskrivingi fullt ut, og at dei ikkje er bundne til å fylgja ei smal «tilrådd norm».

Bolken «Språkrådets tilrådde norm» i sakpapiri til styremøtet i Språkrådet 20. mai fortel derimot noko heilt anna, at «det kan vere nødvendig å avklare om nokon som er tilsett i statsforvaltninga, kan forpliktast til å følgje ei slik tilrådd norm». Her kjem det fram at Språkrådet hev ambisjonar um å binda statstilsette til å fylgja «tilrådd norm». At direktør Muruvik Vonen ikkje kjenner til dette, er vel ikkje heilt truverdigt?

fredag 30 september 2011

2012-normalen er klår til bruk, melder styrelem i Språkrådet

Kulturdepartementet godkjende ny rettskriving for nynorsk 22. september – 2012-normalen. Ho skal gjelda frå 1. august 2012, men ikkje alle er so tolmodige.

På nynorsk Wikipedia dryfter sume skribentar no innføringi av 2012-normalen. Ein skribent spør um ein skal taka i bruk ny rettskriving alt no. Styrelem i Språkrådet, Trond Trosterud, melder: «Det er ikkje noko i vegen for at vi som skribentar skal kunne ta henne i bruk allereie no».

Me kann difor slå fast at ny rettskriving, slik ho ligg fyre i innstillingi frå rettskrivingsnemndi, er den som gjeld frå 1. august 2012, utan nemnande handsaming eller endring av fagråd 3. Alle flagrante faglege mistak av rettskrivingsnemndi held soleis fram i 2012-normalen.

lördag 4 juni 2011

Norskkarakterar i samanhang

Åtaki på sidemålet, løyndenamn for upplæring i nynorsk i «bokmålsland», held fram. No vil dei ikkje ha eigen karakter i – me fær segja det som det er – nynorsk. Berre éin norskkarakter, takk.

Me veit vel hosse det gjeng i skulen; er det eit fag eller emne du ikkje fær karkaterar i, er det likt til at det vert ein kosetime av det. Og då er det kje fag og læring du kosar deg med. Det er det eine.

Upplæringi i nynorsk er i flestalle skulane so gjerdlaus at det ikkje er fagleg forsvarleg å prøve elevane med karakterar. Løysingi burde vera å rette upp undervisingi, ikkje å fjerne karakteren. Det er det andre.

Den upplæringi som finst, er knytt til gjeldande nynorsknorm. Noko anna vøre utenkjelegt. Men med den samnorske normeringssoga me slit med i dag, skjer det elevane av frå fyredømi som ligg i blømingstidi til klassisk og tradisjonell nynorsk, og gjer det uråd å nytte systemtenkjing og målføri som pedagogiske hjelperåder. Det er det tridje.

Desse tri umstendi syner at det gjeng ein raud tråd frå karakterspursmålet til arbeidet med den nye rettskrivingi for nynorsk. Ein kann kje normere eit upplæringsmål utan umhug for hosse det kann lærast i skulen. Framlegget til ny nynorsknorm, Nynorsk 2012™ eg kallar, vil uattrande gjera offisiell nynorsk til eit underbruk av bokmål og er ein pedagogisk katastrofe for alt som autonomt fag heiter. Slik sét vert burtfallet av ein eigen karakter berre ei logisk fylgje av den røynlege stoda.

Skal ein berge nynorsk med ein eigen karakter i upplæringi, lyt ein fyrst berge nynorsk som eit mål med ein eigen karakter (serhått) det gjev meining å få upplæring i.