I går kunde me ha det moro med VG og Dagbladet på nynorsk. Denne pretta sette NMU i verk til å syne kva dei meiner um at dei tilsette i dei tvo bladi ikkje fær skrive redaksjonelt tilfang på nynorsk. Nett den saki skal eg lata liggje no, men heller ta upp eit anna høve som synte seg tydeleg på dei umsette netsidone: den løgjelege umsetjingi.
Grunnen til den mislege målføringi er einfeld: Umsetjingi vart gjord ved hjelp av brukendet Apertium. Likevel var det eitkvart kjent med dette bokstavuføret, som døyvde låtten og drog med seg ein dåm av fyrebod um røynlege tilhøve.
Ja – same typen umsetjing kann me sjå dagstødt i offisielle dokument på nynorsk, anten det kjem frå ein minister eller eitkvart lokalkontoret av ein statleg etat, eller um det so er ein statleg netportal «på nynorsk». Grunnen til dette er like einfeld som fyrr: Umsetjingi vert gjord ved hjelp av eitkvart brukendet, eller i beste fall av eit hovud som verkar på same maskinelle måten, d.e. at annakvart ord vert umsett på von og våge i den radi det kjem, utan hått eller hug for nynorsk målkjensle.
Med tanke på den tekstmengdi som sig frå det offentlege, skulde det ikkje vera rart um hovudfjøldi av «nynorsk» tekst var soleis tilkomi. Det fær furdelege fylgjor.
Det fyrste som melder seg, er at sume tek til å tru at nynorsken skal vera slik. Ein viljelaus etterapar av bokmål, med ei gamal nynorskkrydde histen og pisten til å sprite upp byråkratstilen og vera alibi for eit eige skriftmål – i namnet. Dét er ille, men det vert verre.
Dinæst, må vita, fær me ei rettskrivingsnemnd som skal gjera nynorsken endefram og dagnær. Lat oss kalle ’na Riise-nemndi. Denne nemndi tek seg fyre å leite upp kva slags nynorsk som vert mest nytta, og setja ’n i høgsætet. Som sagt ovanfyre, er kje det anna en maskin-nynorsken, fengin til vegar av umsetjingsbrukende og tilsvarande maskin-tenkjande hovud som i grunnen liver i bokmålsverdi. Utkoma lyt då verte slik: Tradisjonell målkjensle vert kasta på hovudet og rævi ut or offisielt bruk, og inn kjem ein maskinumsett bokmålsnynorsk som neppe er fin i dikt eingong.
Og kva kann ein då krevja av spalteplass for målet sitt?
tisdag 30 november 2010
VG og Dagbladet på nynorsk
Etiketter:
apertium,
dagbladet,
maskinoversetting,
nynorsk,
rettskriving,
vg
Prenumerera på:
Kommentarer till inlägget (Atom)
3 kommentarer:
Eg tenkte mykje det same.
Og slik skamnorsk som det offentlege preseterar,, er ikkje nett nokon magnet som dreg til seg nye nynorskingar — elder held fast på gamle.
Vel, orsak for det. Eg veit umsetjingi er ganske vond, og vert spesielt galen og dårleg grunna VG sine elendige titlar som ikkje alltid er like lett for eit brukende å forstanda.
Likevel, dette er gjort for å få merksemd om nynorskforbodet og av di det er ein morosam måte å gjera det på.
Eg er viss på at dei aller fleste forstår at dette er langt frå korrekt nynorsk, og forstår det for den aksjonen det er. Me vil ikkje halda sidone uppe, me vil ha vekk nynorskforbodet.
Viss de hev gode framlegg til ein annan tekst eg kann skriva på sidone, so tek eg gjerne i mot framlegg.
Dessutan hev no apertium fengje ein del forbetringar grunna desse sidone. Eg er litt usikker på kor bra slik maskinomsetjing er, men han hev berre vore i utvikling kort tid, so det vert truleg mykje betre; dessutan, viss ikkje apertium (fri programvare) hadde gjort det, so hadde me berre hatt nynodata. Apertium er iallfall mogleg å endra på og forbetra.
Viss Google hadde starta med nn-nb, so hadde me nok fengje veldig sær nynorsk.
Eg er altso heilt einig, men som kampanje so er det vellukka og bra. :-)
Dessutan er no eg slik at eg mykje heller les dårleg nynorsk enn nokon som helst bokmål... So eg brukar no desse sidone fast, og tykkjer det er sers moro :-)
Eg òg tolka tiltaket med maskinumsett nynorsk VG og DB som ein måte å få merksemd på. Noko som er bra.
Er det mogeleg å setja upp ei meir ålmenn netstad for umsetjing frå bokmål til nynorsk, der folk lett kann leggja inn tilfang og bøta på umsetjingar?
Eg trur elles at IAaS ikkje skulde ha havt vanskar med å hysa ein netstad for umsetjing av VG, DB osb., endå dette ikkje berre er upp til meg.
Skicka en kommentar