Målteigane åt Hegge i Aftenposten er upplysande, men 16.11.2008 gjekk det i ball då han skreiv at partisippformi på i-mål var jamlydande i hannkyn og hokyn, og at former på -i i hokyn var galne. Mao. ho er komen og ikkje ho er komi. Her tek Hegge i miss.
Når ein skriv i-mål, skal endingi vera -i både i bundi form av sterke hokyn og partisipp/adjektiv i hokyn, dvs. soli er komi. I a-mål ventar ein -a i både tilfelli, som er vanleg i norske målføre, men her hev gjeldande rettskriving laga ein ny regel og drege inn hannkynsformi -en. Merk at det heiter ho er lita eller liti og ikkje *ho er liten. Mange som hev halde seg til a-mål, hev òg nytta hokynspartisipp på -a, dvs. ho er koma. Dette er godtakande høgnorsk og er heilt etter Indrebø.
Ljodframvoksteren frå frumnorderlendsk til norsk:
Fn. mask. *komanaR > norr. kominn > norsk komen (< eldre form og målføreform komin). Fn. fem. *komanu > norr. komin > norsk komi
Som me sér, fall einfelt utlydande n burt i nynorsk, so hokynsformi fær vokal i utljod. Same vokster hev me i bundi form av linne hokyn, t.d. vika < norr. vikan.
Hokynsformi hev mange avbrigde i norske målføre (-i, -e, -ei, -æ, -a). Mange stader hev me havt voksteren -i (< norr. -in) > -e > -æ, der -æ til sist vart -a analogiskt etter bundi form av dei linne hokynsordi. Difor analogisk ho er lita og den sola og ljodrett den vika, mot venta ljodrett ho er liti, den soli og den vika (< norr. vikan).
Mao. Ein må segja du er velkomi til ei dama på i-mål.
fn. = frumnorderlendsk (urnordisk)
söndag 16 november 2008
Prenumerera på:
Inlägg (Atom)