söndag 16 november 2008

Gale um i-mål av Per Egil Hegge

Målteigane åt Hegge i Aftenposten er upplysande, men 16.11.2008 gjekk det i ball då han skreiv at partisippformi på i-mål var jamlydande i hannkyn og hokyn, og at former på -i i hokyn var galne. Mao. ho er komen og ikkje ho er komi. Her tek Hegge i miss.

Når ein skriv i-mål, skal endingi vera -i både i bundi form av sterke hokyn og partisipp/adjektiv i hokyn, dvs. soli er komi. I a-mål ventar ein -a i både tilfelli, som er vanleg i norske målføre, men her hev gjeldande rettskriving laga ein ny regel og drege inn hannkynsformi -en. Merk at det heiter ho er lita eller liti og ikkje *ho er liten. Mange som hev halde seg til a-mål, hev òg nytta hokynspartisipp på -a, dvs. ho er koma. Dette er godtakande høgnorsk og er heilt etter Indrebø.

Ljodframvoksteren frå frumnorderlendsk til norsk:
Fn. mask. *komanaR > norr. kominn > norsk komen (< eldre form og målføreform komin). Fn. fem. *komanu > norr. komin > norsk komi

Som me sér, fall einfelt utlydande n burt i nynorsk, so hokynsformi fær vokal i utljod. Same vokster hev me i bundi form av linne hokyn, t.d. vika < norr. vikan.

Hokynsformi hev mange avbrigde i norske målføre (-i, -e, -ei, -æ, -a). Mange stader hev me havt voksteren -i (< norr. -in) > -e > -æ, der -æ til sist vart -a analogiskt etter bundi form av dei linne hokynsordi. Difor analogisk ho er lita og den sola og ljodrett den vika, mot venta ljodrett ho er liti, den soli og den vika (< norr. vikan).

Mao. Ein må segja du er velkomi til ei dama på i-mål.

fn. = frumnorderlendsk (urnordisk)

1 kommentar:

Gråhatt sa...

Når me fyrst er inne på soga åt -en-endingi her, er det viktugt å anse på rolla naseljod spela i framvoksteren.

Norrønt sólen gav sólẽ der nase-e-en mange stader gjekk same vegen som i fransk, mot nase-a. Soleis fekk ein solã som det vel framleis heiter i Sælbu, einaste bygdi der naseljodi liver den dag i dag. I resten av landet kvarv naseljodet, slik at dei vart ståande att med sola. Ikkje ved analogi med linnt hokyn, men ved ljodvokster.

Det same gjekk fyre seg i lagordi på -en, men her gjorde au jamvektssystemet seg gjeldande, med di so mange av lagordi på -en høyrer til deim. I jamvektsord fylgde ikkje ljodvoksteren same vegen frå nase-i/e til nase-a. Det vart soleis ein skilnad i endingane, frå norrønt hón er lítin ok slitin til millom-austnorsk ho er litã og slitĩ. Kva som so hende, er hypotetiskt. Når naseljodi stod for fall, kunde nase-i-en i hokyn slå lag med anten -in i hannkyn eller -i i inkjekyn. Det er likt til at ulikt hende på ulike stader.

Men når denne hokynsformi på -en vart upphøgd til gjævaste formi i offisiell nynorsk, var det eine og åleine for skuld likskapen med bokmål. Det var under samnorsktidi, dette, som enno tyngjer nynorsk skriftkultur. Umsyni til systemet og målkjensla i fleirtalet av norske målføre kom lenger ned på lista.

Det er like môro kvar gong eg sér skriveføre vestlendingar som elles held seg «lojalt» innanfor statsnormi nytte former som verda er vorta so vanskeleg.