söndag 21 augusti 2011

Slaget um Stiklestad

Biskup Gunnar Stålsett og organisasjonen «Religioner for fred» ynskjer eit multireligiøst fredssenter på Stiklestad. Ikkje alle likar dette, endå flest alle er for fred. «Stiklestad står også for vold og religionens mørke sider», sa Stålsett til Klassekampen i juli. No kann me sjølvsagt lasta våre kristne og heidne forfedrar for at dei ikkje bygde multireligiøse fredssenter kringum i landet, men tidene var no onnorleis den gongen.

Slaget på Stiklestad var ingen kamp millom kristne og heidningar, men ein interreligiøs allianse millom trønderar og nordlendingar mot skattleggjing og sentralstyring. Det som er rett, er at Stiklestad vart eit symbol på den heilage Olav og hans mirakel, og den seinare olavskulten. Difor er òg Stiklestad eit symbol på kristendom i kristen millomaldersk lidingssymbolikk.

Ein med sterkare lut om Stiklestad er Thomas Hylland Eriksen. På den nasjonale historiekonferansen «Minnesteder - hva og hvorfor? Og for hvem?» på Stiklestad i 2005 kunde han melda at «nasjonalsymbolet Stiklestad har virket ekskluderende på det flerkulturelle» og at det «ikke er noen stor forskjell mellom nazistenes bruk av nasjonalsymboler i krigsårene og hvordan vi hegner om de samme symbolene i dag».

I etterpåklokskapen kann slike nazi-merkjelappar og magiske symbolkoplingar - i slaget um Stiklestad - verka ein smule grovkalibra. Men at sume liver i ei magisk fyrestellingsverd, jamvel millom akademikarar tvo hundrade år etter upplysningstidi, må me berre godtaka i vårt pluralistiske samfund.

Men det er mykje moralisme her òg. Det religiøse hev ikkje lenger same moraliserande grip i vårt sekulariserte Noreg. Sisteskansen - domedag - fall for naturvitskapen i global uppvarming. Nymoralismen er derimot ein god avløysar, med eigne teknikkar for å skapa kjenslor av skam og skuld. Me skal helst ha litt skuldkjensle når me vil verna um vår eigen kulturelle eksistens, og me skal liksom bera på all norsk kulturell ervesynd, uppsamla sidan vikingtidi. Og liksom annan nyinnførd trudom, legg den nymoralistiske rørsla sine gudshus på gamle kultstader - her eit interreligiøst fredssenter på Stiklestad - liksom stavkyrkjone vart bygde på tuftene av gamle gudehov.

Nymoralistane kritiserer ikkje problematiske sidor knytte til maktfaktorar - europeiske i upphav, norske i utføring - som parlamentariske institusjonar, fri pressa, utdaningsinstitusjonar, økonomisk organisering og fredssenter. Dette er for nymoralistane gode, universelle verde som kann eksporterast ut til folket. Institusjonane og kollegia deira fungerer dimed som moderne presteskap med monopol på saliggjeringi. Høgt hevja over heidenskapen i avvikande meiningar kann dei trygt diskutera den bonderomantiske absurditeten i brunosten og den eksluderande verknaden av Stiklestad. Ei slik nymoralistisk åtferd er berre med på å lokka fram paranoia, jamvel millom dei traustaste nordmenn, i møte med andre kulturar.

onsdag 17 augusti 2011

gag og gagg - ei innføring i statleg, nynorsk rettskrivingsmetode

Ei av dei mest kuriøse endringane av Riise-nemndi i ny rettskriving for nynorsk, eller i dette tilfellet ei stadfesting av gjeldande rettskriving, er gag el. gagg adj. ‘(tilbake)bøygd’ ➙ gag el. gagg (innst. s. 64).

Fyrste gongen eg såg framlegget gag el. gagg kom eg i stuss, fyrst og fremst av di formene var fyrehavde under pkt. «2.2.1 Enkel eller dobbel konsonant» i innstillingi, noko som i dette tilfellet er kategoriskt rangt. Då eg etter ei nærlesing såg at nemndi hadde uppført gag el. gagg i tydingi ‘(tilbake)bøygd’, kom eg di meir i stuss. For gag adj. ‘(tilbake)bøygd’ hev aldri heitt noko anna enn gag i nynorskrettskrivingi; talemålet hev vel heller ikkje havt noko anna enn uttala /ga:g/ (jf. uttala av sag f.).

Søk på gagg i Nynorskordboka gav derimot svaret. Det viser seg at nemndi hev greidt å rota saman adjektivet gag med substantivet gag el. gagg m. (utt. gægg; lån frå engelsk) 'komisk innslag'.

Eg må segja som styreleidaren i Språkrådet, Ottar Grepstad: «Krafta og soliditeten i arbeidet til nemnda imponerer. Framlegget har fagleg tyngd.»

måndag 15 augusti 2011

Notat um rettskrivingssaki ute

I går sende Norskt Måldyrkingslag og Ivar Aasen-sambandet eit notat til Kulturdepartementet um innstillingi til ny rettskriving for nynorsk. Gjenom drjugt 50 sidor med analyse og slutningar varast me at det er meir åfått ved arbeidet en nokon kunde ha våga å tru.

«Analysen syner at innstillingi til ny nynorskrettskriving i praksis omdefinerer nynorsk til ein variant av bokmål og tek inn ei rad nye former frå bokmål. Metoden som er nytta, er vilkårleg og skjemd av faktafeil. Trass i vidfemnande, men tilfelleleg utkasting av tradisjonelle og typologiske former vert framlegget mindre stramt enn gjeldande rettskriving. Prinsippi frå Stortinget og departementet om sjølvstendig normering av nynorsk og stabilitet i rettskrivingi er heilt tilsidesette. Prosessen har vore einspora, men utan at dei røynlege føresetnadene for arbeidet har vore framlagde for ålmenta, tvert imot det retoriske fokuset på ein «open prosess». Tanken om ei ny «tilrådd norm» gjer narr av heile prosessen.»

Heile notatet finn du her.

No fær me sjå kva Kulturdepartementet synest um denne handsamingi av eit kulturmål.