tisdag 30 november 2010

VG og Dagbladet på nynorsk

I går kunde me ha det moro med VG og Dagbladet på nynorsk. Denne pretta sette NMU i verk til å syne kva dei meiner um at dei tilsette i dei tvo bladi ikkje fær skrive redaksjonelt tilfang på nynorsk. Nett den saki skal eg lata liggje no, men heller ta upp eit anna høve som synte seg tydeleg på dei umsette netsidone: den løgjelege umsetjingi.

Grunnen til den mislege målføringi er einfeld: Umsetjingi vart gjord ved hjelp av brukendet Apertium. Likevel var det eitkvart kjent med dette bokstavuføret, som døyvde låtten og drog med seg ein dåm av fyrebod um røynlege tilhøve.

Ja – same typen umsetjing kann me sjå dagstødt i offisielle dokument på nynorsk, anten det kjem frå ein minister eller eitkvart lokalkontoret av ein statleg etat, eller um det so er ein statleg netportal «på nynorsk». Grunnen til dette er like einfeld som fyrr: Umsetjingi vert gjord ved hjelp av eitkvart brukendet, eller i beste fall av eit hovud som verkar på same maskinelle måten, d.e. at annakvart ord vert umsett på von og våge i den radi det kjem, utan hått eller hug for nynorsk målkjensle.

Med tanke på den tekstmengdi som sig frå det offentlege, skulde det ikkje vera rart um hovudfjøldi av «nynorsk» tekst var soleis tilkomi. Det fær furdelege fylgjor.

Det fyrste som melder seg, er at sume tek til å tru at nynorsken skal vera slik. Ein viljelaus etterapar av bokmål, med ei gamal nynorskkrydde histen og pisten til å sprite upp byråkratstilen og vera alibi for eit eige skriftmål – i namnet. Dét er ille, men det vert verre.

Dinæst, må vita, fær me ei rettskrivingsnemnd som skal gjera nynorsken endefram og dagnær. Lat oss kalle ’na Riise-nemndi. Denne nemndi tek seg fyre å leite upp kva slags nynorsk som vert mest nytta, og setja ’n i høgsætet. Som sagt ovanfyre, er kje det anna en maskin-nynorsken, fengin til vegar av umsetjingsbrukende og tilsvarande maskin-tenkjande hovud som i grunnen liver i bokmålsverdi. Utkoma lyt då verte slik: Tradisjonell målkjensle vert kasta på hovudet og rævi ut or offisielt bruk, og inn kjem ein maskinumsett bokmålsnynorsk som neppe er fin i dikt eingong.

Og kva kann ein krevja av spalteplass for målet sitt?