onsdag 14 januari 2009

Eit skriftmål vert født

I grenseumrådet millom Frankrike, Sveits og Italia har målvitskapen lært oss at det finst eit mål kalla francoprovençal. Som namnet gjet um, er det skyldt fransk og oksitansk, men dei ulike landskapi i målvaldet har sakna ei sams tilknyting gjenom soga som hadde kunna gjevi målet eit sjølveige namn. Siste hundradåret fór hardt med målet; i dag er det kring 150 000 som nyttar det, og dèt er berre éin av femtie innan dei gamle målvaldsgrensone. Best held målet stand i Aosta-dalen (sjølvstýrd region i Italia), Savoia og eidskantonane Neder-Vallis og Fribourg. Brukarane sér tradisjonelt ikkje på målet som eitt heller, men som einstaka målføre.
Men i 1998 gav Dominique Stich ut ei bok der han la fram ei sams skrivegjerd for det fyrr so uppkløyvde målet. Ulike målføreformer og skrivegjerder som tzèvra, thivro, tchièvre, shivra osb. har no ei samform chièvra (‘geit’) som kann uttalast på kvardeira målføregjerdi. I desse dagane har Stich gjevi ut ei ordbok au, i lag med Alain Favre, og fer dei um i landet med henne. Eg har spurst med Favre um dette målarbeidet:

Kva var tildrivet attum verket med ei sams skrivegjerd for målet?
– Me såg at kvart einaste mål, serskilt i Europa, laut igjenom ein slik prosess um ein skulde få det godteki som eit «røynlegt» – og mogeleg offisielt – mål. Til fyredøme hadde Stich bretonsk og oksitansk.
Er skrivegjerdi teki i bruk enno?
– Det er enno tidleg, men me har god von um at mange tek ved henne med tidi. T.d. har den best kjende bokskrivaren i Aosta-dalen, Floran Corradin, teki i bruk denne skrivegjerdi.
Hosse vart skrivegjerdi motteki av målføretalarar og målfolk?
– I fyrstunne med sjokk, for skrivemåten er myki meir ordsoguleg en ljodrett. T.d. ordet skrivi ljodrett preu, proy, pro, proou, praou osb. er prod i normi. D-en sist i ordet vert aldri uttala, men han hjelper til å gjera ordet attkjennelegt. Mange folk likar ikkje dumbe ljod, dei skynjar ikkje at desse bokstavane kann vera sers beinsame. Ein lyt berre lesa på ein annan måte, og forstå at ein har skriftmålet sams med andre målføre. Mange held seg til landsbymålet sitt eige, og ansar ikkje resten av målet. Men eg trur stoda vert betre no. Folk skynjar at målet er ved å andast um ein ikkje tek ved ei norm. Dei tvo siste tieåri var det ei rørsle i Savoia og Aosta-dalen leidd av målførefolk som uppmoda folk til å skrive ljodrett målføret sitt eige. Etter mi syn var dette ei rein ulykke: folk kunde ikkje skynja einannan, dessminder som bokstavbruket ymsa frå éin region til hin. So uppkløyvingi av målet heldt fram for fullt.
Berrlegg skrivegjerdi bygnaden i målet, so ho stører til ei fræv tilyrkjing av eit eige ordfang? Eller tek ein mest inn ord etter franske fyredøme?
– Ein lyt sjå på ordboki vil ein ha svar på eit slikt spursmål, men eg meiner svaret er ja på fyrste delen av det. Og ein lyt hugse på at det i grunnen ikkje er råd å låne frå fransk, med di godt helvti av talarane er beter kjende med italiansk. So um me vil ha eit sams mål, er me nøydde um å modernisere det på ei heller sjølvrådi vis.
Hosse er det med lånord i det heile?
– Lånordi frå fransk er reint for «naturlege» vortne i den franske lùten, og det same gjeld for italiansk i hin lùten. Eg trur eitt av dei viktugste fyreseti våre er å gjera folk medvitne um denne åtbersla, som trugar sjølve tilvero åt målet vårt.
Har ein noko eige mynster for ordleggjing på frankoprovensalsk, eller vert det myki likt fransk der?
– Me freistar laga eit nytt mynster, tyft på «gamle» tekster og nokre gode moderne skrivarar. Eg vonar me kjem fram til eit nytt mynster soleîs.
Fær denne nye skrivegjerdi nokor godkjenning frå styremakter eller frå kulturelle institusjonar?
– Ikkje til no. Me er nyss i upptaket, må vìta; dette er eitkvart folk lyt venja seg til, og det tek mange år. Men eg veit ikkje um me har so god tid. Dessutan er det sume kulturinstitusjonar – serleg dei som har forda dei ljodrette skrivegjerdene – som ikkje vil misse innverknaden dei har millom folk.
Kva er største utbjodingane for eit sams frankprovensalskt mål no?
– Målet er fælt skjepla av målførekløyving og skort på offisielt bruk. Me lyt byggje upp att eller allvissa skìpa på viktuge lùter av det.
Har den frankoprovensalske målrørsla nokor samvinne med andre målrørslor?
– For tidi har me so myki å gjera med å yrkje til målet vårt eige at me ikkje har stunder til å ta fyre oss slike spursmål. Men ei katalansk-oksitansk rørsle har nyleg bedi oss um samband, og eg vonar me kann få til eitkvart der. Katalansk og oksitansk er systermåli våre, og eg trur me lyt samvinnast på umkverve som nemningsbruk og offisiell godkjenning. Stoda åt frankoprovensalsk er på mange måtar lik den åt oksitansk. Og katalansk, som no kjem seg att etter ein sers myrk tidbolk, kann rettleide oss på vegen til eit betre lægje. Det er enno sers vandt å ervida for mindretalsmål i Frankrike, må vita, men me sér no at ov-sentralisering og jakobinisme er i attergang i dette landet som lengi stod fram som eittspråklegt – som det offisielt enno er.
Takk for spurdagen.
– Takk for forvitna.

Ikkje store skilnaden frå det me har å stride med heime, synest det. I tidi etter denne spurdagen er arpitansk komi upp som eit sjølveige namn på målet.