fredag 21 oktober 2011

Ukultur i Språkrådet

I stykket «Framleis uvisse om ‘tilrådd nynorsknorm’» i Nationen 26. september forsvarar direktøren i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, vedtaket i Språkrådet um «tilrådd norm» ‒ ei halvoffisiell norm innanfor den nye og vide rettskrivingi, eller ein snikinnførd og ny læreboknormal som mange hev kalla det. Kulturdepartementet hev enno ikkje teke stilling til dette umstridde vedtaket.

Grunnen til vedtaket um «tilrådd norm» er lett å skyna ‒ den store valfridomen og formspriken i ny rettskriving er uleveleg. Språkrådet sannkjenner den store valfridomen i vedtaket um ny rettskriving på styremøtet 20. mai, der det heiter at ny rettskriving «balanserer godt den store talemåls- og skriftspråklege variasjonen som er særmerkt for nynorsk».

Men ein stor skriftspråkleg variasjon kann korkje sameinast med mandatet um «ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer» eller med prinsippet um «stabilitet» i nynorskrettskrivingi, prinsippet Stortinget slutta seg til. Difor må Språkrådet fastsetja ei «tilrådd norm» innanfor den nye og vide rettskrivingi.

Muruvik Vonen er derimot ikkje samd i at «tilrådd norm» er ein snikinnførd læreboknormal. Han lovar at statsorgan og lærebokforfattarar kann bruka den nye og vide rettskrivingi fullt ut, og at dei ikkje er bundne til å fylgja ei smal «tilrådd norm».

Bolken «Språkrådets tilrådde norm» i sakpapiri til styremøtet i Språkrådet 20. mai fortel derimot noko heilt anna, at «det kan vere nødvendig å avklare om nokon som er tilsett i statsforvaltninga, kan forpliktast til å følgje ei slik tilrådd norm». Her kjem det fram at Språkrådet hev ambisjonar um å binda statstilsette til å fylgja «tilrådd norm». At direktør Muruvik Vonen ikkje kjenner til dette, er vel ikkje heilt truverdigt?