lördag 13 december 2008

Norsk Årbok 2008

Norsk Årbok 2008 er i kjømdi.

Norsk Årbok er eit skrift til fremjing av høgnorskt mål. Fyrste rekkja kom ut i 1920–39; andre rekkja kjem ut sidan 2005. Som vanleg femner stykkesamlingi både nye og kjende skrivarar, unge og gamle. Me finn millom anna nyumsette Horats-dikt; Cicero um verdig alderdom; forlagsmakt for hundrad år sidan; upphavet til Rogaland og norsk rugdyrking – med brauduppskrift – og sambandet til vikingtid og sogeskatt; forteljarkunnesta i islendingesogone; og klubbeuppreisti i Finnland som var bakgrunnen for dei finske innvandrarane til norske skogar.

Norsk Årbok skal vera eit vegamot for folk som vil skriva på sjølvlitande norsk, og dei som vil lesa det. Boki skal taka upp ålment forvitnelege emne frå kultur, vitskap og samfund, og tena til uppkoma og utveksling av norske nemningar frå ulike umkverve, og til odling av norsk skrivekunnesta og målkultur i det heile.

Innehald denne årgangen:
  • Einar Torgilstveit: Tidi ho er
  • Kristin Fridtun: Tid-strid – Stutt um tidbygnaden i islendingesogor
  • Liv Hatle: Santeri Ivalo – Klubbekrigen – Den vågale soldaten
  • Hermund Slaattelid: Om verdig alderdom
  • Olav Sletto: Carlson
  • Johannes Gjerdåker: To dikt av Horats
  • Thorgeir Holm: Leivar frå soga um rugbraudet og rygene
  • Liv Hatle: Millom Roma og Konstantinopel – Kyrkjeberget
  • Kristin Fridtun: Bokmålet
  • Milada Blekastad: Aasmund Brynildsen
  • Arnfinn Nygaard: Modalen og Olav Nygard
  • Olaf Huseby: Attersyn og kringsjå. Halvhundrad års minnestubbar
  • Magne Myhren: Kvarfrå i Noreg kom landnåmsmennene Eilífr ǫrn og Þorkell vignir?
  • Kjell Venås: Ivar Aasen og Smaalenene
  • Sverre Søgnen: Vellukka og mislukka morosamgutar
  • Hans Trovik: Frå sumarfisket i Sunnhordland
  • Einar Torgilstveit: Voggevisa

Innehaldet frå andre årgangar: Norsk Årbok på Mållekken

fredag 5 december 2008

Ordleik med diktaren frå Volda

Ja, no kann de gruvla på kven denne diktaren frå Volda er. Han er ikkje røynleg, diverre, og han er ikkje kjend for kvar mannen hell. Nett difyre skal eg lyfta ’an fram og syna for all verdi at dette er kar som kann dikta!

Ein njos: han hev diger nase, bustutt hår, klangfullt mål og skriv framhaldsoga i bladet Relsafus.

Veit du enno ikkje kven han er? So fær eg byrta namnet: Hallstein Bronskimlet d.a.y. (den aller yngste). Fødd i 1898, uppvaksen og busett i Volda. Sume kjenner honom frå Flåklypa Grand Prix, der les han eit dikt for han Reodor Felgen nokre dagar fyre tevlingi. "[...] men på startstreken no til helgen, stiller sykkelreparatør Reodor Felgen, med noko som trillar fort" (so ei snøgg rørsla med handi for å syna kor fort).

Bronskimlet tykkjer sjølv at han skulde vore ein av ”dei fire store”. Han segjer lite um kven som lyt vika og gjeva rom åt honom. Dei boklærde er neppe samde med godaste Bromskimlet, for den litterære tamen hans er ikkje stødt rosande. Men når det gjeld å smida nyord, ja, der er ikkje Ibsen og hine i same klassa eingong. Det er desse nyordi stykket hev som hovudemne, nyordi åt Bronskimlet. Og de skal få mange smakebìtar, må vita.

Eg nemnde at Bronskimlet ikkje er ein røynleg selle. Som eg sa høyrer han til i Flåklypa-verdi åt Kjell Aukrust. Olav Aukrust var farbroren åt 'an Kjell, og stundemillom fær ein den tokken at Lom-diktaren hev lita Bronskimlet eikor leid. At Bronskimlet er ei herming eller karikering er lika vel ikkje å tala på. Bronskimlet kann ikkje vera ei rengsla av noko menneske i det heile. Han er for langt ute i villa til det.

Men so til saki: ordkunsti hans Bronskimlet. Det er uråd å segja at målformi hans er av det eller det slaget. Ein meldar som skreiv um boki Hallstein. En av de fire store (1997) sa at Bronskimlet skriv på eit landsmål "brygget på bortglemt dialekt og poetisk patos omhyggelig renset for fremmedord som sprettert og deprimert.” Nett dette siste bør høgnorskingen draga til minnes. Bronskimlet (eller Aukrust, alt etter koss ein tek det) lagar nyord for allskyns saker og ovringar. Ein ser radt at det er ein hitten kar som hev vore på ferd. Her kjem nokre døme, med utgreidingane åt Bronskimlet attmed:

Kveldsknøkje – ein som held seg frampå med skjemtprat i utrengsmål.

Bjønnlasp – småvaksen bjønn av plysj, hardstappa med sagflis. Morosamsak som gjeng og tuslar for seg sjølv, når ein trekkjer upp ein fløykjestreng.

Fløykjestreng – opptrekkbar fjåsvrengje av stål. Nyttast mykje til trekkoppbilar og andre bornleikar.

Fjåsvrengje – drivfjør.

Bån-smeit – liten gut som smett under stakken åt mor si, når det kjem framandfolk til gards.

Kaldrøkkjen – harm.

Handkjimse – handfare, tukle med noko ein ikkje skal tukle med.

Trottegaumt – gjæra noko som kan såre ein.

Yvhott – årsak som gjer ein harm. Noko ein ikkje fær ut av tankane medan ein søv.

Glufsesprutgreie – påhengsmotor.

Dygnbrigde – midnatt.

Ågangslappar – honorar som stend i forhold til arbeidet.

Surkleråme – noko som skvalpar på framsida av skrotten når ein andar djupt.

Ein ser greidt at ordsmiden fylgjer visse mynster, til dømes er j-fengt ljod og tviljod tidgjengde i nyordi. Dessforutan er lange sjølvljod jamnan /å/ og /ø/, og tanken var fulla at dette skulde gjeva (gjev?) målet ein svip av eit høgreist, rotnorskt dølemål eller dilikt. Ordi hev ofta eit kjent, ”vanlegt” ord i seg, men so er det utbygt med ymse fyre- og etter-feste.

Sume av ordi er til vissa brukande og gode. I heimen min nøyter me tidom ord som bån-smeit og fjåsvrengje, og fleire vert det, er von.

Sjølv meiner eg at sovorden ordleik er helsugt og gildt, både for hjarta og haus. Eg hev ikkje tal på dette, men eg tykkjer det er likt til at når folk skal skriva norsk i dag (bokmål eller nynorsk), so vil dei anten få det undangjort og ikkje umaka seg sjølv med rettskriving og dilikt, eller dei fylgjer alle reglar so fast og strengt og gløymer radt at målet skal vera ein reidskap for tanken, dei kallar, ikkje tvert um. Friskriving og nyskaping av ymse slag, det trur eg set kveik i målet. Folk bør visselegt kjenna skrivereglane (eller "gjeldande rettskriving"...), men um ein rettar seg blindt etter deim og trur ein ikkje kann skriva ord som ikkje finst i ordbøkene, ja, då tek ein på seg målslege skygglappar og spiller syni av den gilde målrømdi. Folk leikar seg med "slang" og andre mål-greidor, og sumt kann vera kreativt og gløgt, det er visst, men når det gjeld å skriva norsk so trur eg ikkje alle slepp skaparevna si til.

Det finst fulla betre ordsmidar en Bronskimlet, men eg trur Aukrust moroa seg godt då 'an skreiv um og for Bronskimlet, og det gjer jamvel flestalle lesarane au.

Vel, vel. Eg endar stykket med eit kjent og kjært Bronskimlet-kvæde:

Eg vakna døgervill ei natt i otta
å, tikka pulla
og stappa kaldgraut i strikkavåtta
å, tikka pulla
og fjog og vindfus...
Fór eg i miss innpå Folgefonni?