tisdag 25 januari 2011

Ulovleg norsk – eller: drep meg, herre, men ikkje med graut!

I sisto har det vori stor merksemd um boki «Ulovlig norsk» og ikkje minst hovudpersonen Maria Amelie frå Alania, ei gamal systertjod for oss nordbuar. Eg skal lata den saki liggje her, men i staden taka upp tråden frå titelen på boki.

«Ulovleg norsk» fekk me målsleg sétt i 1938, då den formi av det nynorske skriftmålet som til dess hadde vori rådande, vart ulovleg i skulen. Målbrigdet var «demokratiskt» på den visi at det vart vedteki av Stortinget – men der fleirtalet korkje nytta målet eller skøytte stort um det. Me kann like gjerne segja at det var eit totalitært målbrigde, der målbrukarane og målsamskipnadene ikkje fekk råde seg sjølve i hegdingi av kulturmålet sitt. Nett som um den tyrkiske staten skulde stå for normeringi av kurdiskt mål, eller Kina skulde peike ut ei nemnd til å råde med stavemåten i tibetanskt?

Attum målbrigdet stod ein teknokratisk, einsrettande nasjonalisme som i målvegen har fengi namnet samnorsk.

Det er ikkje fælt myki me høyrer um dei åtburdene i dag, når «målfreden» råder, og endå mindre har det vori med dramatisering av hendi frå den tidi, so til å bøte på dette har eg skrivi nokre vers um mannjamningi millom samnorskhovdingen Halvdan Koht og høgnorskhovdingen Gustav Indrebø:

So kvad kaute Halvdan-gut:
«Detta ordet, det lyt ut!
Kann kje hava slike former,
nei, no treng me andre normer
som kann stette kvardagssut!

Trælehopen gjev kje tol;
dei vil hava sjølvs-sitt mål,
so at dei som hyllte dansken,
fljott kann snu til norskt i hansken
med’ dei strid for braud og kål!»

Då reis Gustav, gram i hug:
«Detta trur eg ikkje dug;
målet – det er nett som braudet,
det er kornet som veld fraudet;
vil du taka bygg for rug?

Då trur eg du skal få sjå
kva eit mål er grunna på:
Tek du roti burt frå treet,
mun det minke snøgt på lìdet –
mange vert då falland’ frå;

målet vårt vert heller audt,»
loga han, og sukka traudt.
«Me lyt ære skaparverket,
ikkje slikt som detta herket:
blandingsmål som snart vert daudt.»

Samnorskfolket hadde makti, men for di vart ikkje framtidi slik dei hadde tenkt seg – der var det Indrebø som vart mest sannspådd: Nynorsken som fyrr hadde vori klårsvipt og i framgang, vart påtvinga rotut i systemet, ustød i bruket, ræddhuga i ordvalet, og gjekk til atters.

Seint um sidan kom glasnost’ og perestrojka hit mèd – samnorsken vart kósta ut or bokmålet og retorikken. So skulde ein tru tidi var mogi til å taka ei uppgjerd med samnorsken i nynorsken au. Men nei då, det sku’ du aldri tru! Der sit samnorskskrymti like trygt i sessen som fyrr, berre at no har dei gjevi samnorsken nytt namn: moderne nynorskt mål. Definert som nynorskt nytta i samsvar med dei siste maktbodi frå samnorskhald. Målsetningi um samansmelting millom nynorsk og bokmål er uppgjevi, må vita, med di bokmålet ikkje lenger spelar på lag og det vert reint for upplagt å berre janke nynorsken etter bokmålet heile tidi. Difor er den nye målsetningi i praktisk samnorskpolitikk å få til vegar eit 1-til-1-tilhøve millom nynorsk og bokmål. Det tyder jamt tilsig av bokmålstilfang til nynorsken framleis, i (vantande) system som i ordfang, berre at ein set upp nokre «signalord» som ‘skule’ og læst som dette rekk til å halde uppe eit eige mål (eller ‘målform’, dei segjer, samnorskfolket). Nynorsken vert so einfeld at jamvel eit tanketomt umsetjingsbrukende kann skrive han, og soleis kann ein halde målet uppe som administrasjonsmål og rettferduggjera dei statlege målstillingane samnorskfolket liver av. Utan at ein treng minste trevlen av målkjensle eller annan formell kompetanse i bruk av målet. Ikkje eingong Indrebø kunde sjå fyre seg eit slikt vitlaust skorfeste for målet. Grautar-Halle derimot hadde røynt same framgangsmåten: «Drep meg, herre, men ikkje med graut!» lét han – eller umskrivi til denne stoda: De må gjerne banne tradisjonelt norskt mål (nynorsk) frå offisielt bruk, men ver då i minsto so ærlege at de gjer det beint og opi, og ikkje læst fôre målet vårt med statleg umsut.

fredag 7 januari 2011

Grunnlaget for nynorskt skriftmål

Rettskrivingsnemndi for Nynorsk 2011™ har ikkje tenkt tanken um kva grunnlaget for det nynorske skriftmålet lyt vera. Spursmålet som vantar attum alle krokgjerdene, er: Kva for eit tungemål skal det nynorske skriftmålet spegle?

Talemålet i landet vårt stend midt uppe i ein umdialektiseringsprosess der dei nedervde norske målføri vert umlaga etter mynster av norskdanskt bokmål. Det er same prosessen som nedertysk har røynt i høve til høgtysk, oksitansk i høve til fransk og skotsk i høve til engelsk. Dei jamt skiftande blandingsmåli som dei einskilde talarane tyr til i denne stoda, kann ikkje vera noko mynster for eit stødugt og varugt skriftmål, det gjev seg sjølv.

Normeringsstandpunktet åt nemndi, som ty’st vilja reise nynorskflagget midt uti denne målblandingi ved hjelp av merkeordet «skule» og eit par andre slike, men som elles tek inn ròt og ròti av bokmålstilfang til meins for tradisjonelt nynorskt målto og ordtilfang, er difor ei synkverving – ein illusjon – som ikkje kann ha von um å verte gjeldande i lang tid, slik dei segjer dei vil ha det. Når me tenkjer på kor lett og motstandslaust dei nynorske tekstprodusentane (sic) i dag kann hente inn ord og måltilfang frå bokmål, er det ikkje nokon vågal spådom å segja at desse fåe nynorske merkeordi kjem til å falle uti og druknast i bokmålshavet, same kva for eit lite utval av nynorske merkeord ein råder seg til å setja upp til stas.

Kvifor? Av same grunn som folk apar etter bokmål i talemålet. For di bokmålet har prestisjen, slik at få torer å brjote for sterkt med bokmålsmynstret i talemålet sitt når dei talar ved folk utan ætti, bygdi eller byen. Og dess fleire som vægjer for bokmålet, dess større vert trykket på dei hine. Det er dette som er røyndi attum umdialektiseringi, og det er dette som er røyndi attum den vildrande måten nynorskt skriftmål vert nytta på i dag. Men det er det visst ingen som vil tala høgt um.

Skal ein ha eit kulturmål som varer, lyt ein ha eit mynster i sjølve målet, ikkje hente mynstret frå eit anna mål, og serleg ikkje frå eit nærskyldt mål. Dei tvo mynstri som finst her i landet då, er tradisjonell norsk, samansystematiserd av Ivar Aasen og ingen annan, og bokmål – som me i grunnen har eit eige skriftmål til å ta seg av. Det skulde då vera tolleg greidt kva som lyt vera utstødet (ikkje naudsynleg fasiten) for eit eige nynorskt mynster.

Sume tenkjer fulla: «men kann me ikkje berre ta inn yver oss at me har eit slikt blandingsmål no, og slå oss til tols med det?» Jau, gjerne det, men dette eine blandingsmålET er just norskdanskt bokmål, for alle dei hine blandingsmåli kringum i landet er sundra, einstaka, uppsmola, tala av éin og éin, radt ikkje heile dagen eingong, eller i beste fall av eit halvt bygdelag. Dei har sers lite sams – sers lite, so nær som bokmålstilfanget i seg.

Dette er eit heilt grunnleggjande spursmål. Uppfylgjingsspursmålet er: Dersom offisielt nynorskt skriftmål ikkje skal ta vare på tradisjonell norsk i dag, kva/kven skal då gjera det, og kva for kulturell legitimitet fær/misser dette nye offisielle nynorske skriftmålet? Det burde nokon tenkje på fyrr en andre gjer det for deim.

torsdag 6 januari 2011

Vantande opinleik attum Nynorsk 2011™

Språkrådprosjektet Nynorsk 2011™ som skulde gjeva oss ny offisiell nynorskrettskriving i år, talmast under store lyte. I dette innlegget til vevresida deira sér eg på éi side av saki:

I innlegget Nettstaden gjev nyttige innspel vil «Rettskrivingsnemnda» ha oss til å tru at dei les og vurderer alle innspeli dei fær. Dét kann me ikkje vita stort um, men det er audsynt at dei i so fall les vonom snøggare gjenom, og at vurderingane ikkje er serleg grannsame.

«Vi veit ikkje nok om når valfridomen er frigjerande eller forvirrande,» heiter det i innlegget frå nemndi. Hja. Nemndi er allvissa gjord merksam på at ein kann skifte valfridomen i tvo hovudtypar:

* Typologisk valfridom, som femner endingar (har bite, har biti) og grammatiske ord (me/vi).

* Valfridom i skrivemåten av same ordroti (ynskje/ønske, sume/somme).

(* Me kann au ta med ein tridje bolk, eller ein underbolk av andre punktet: innlånte, nærskylde bokmålsord som svarar til nedervde nynorskord utan tydingsskilnad (bm. byrde/nn. byrd, bm. svømme/nn. symja).)

Typologisk valfridom er i sjølve håtten sers avgrensa og dimed evlaust mindre vildrande en valfridom i skrivemåten av ordrøtene. Det gjeld serleg for offisiell nynorsk, med di valfridomen i skrivemåten av ordrøtene hovudsakleg retter seg etter skrivemåten i bokmål (arven frå samnorsktidi) og ikkje er noko fylgjerett system ut ifrå nynorsken i seg sjølv (døme: ei hytte, ei bytte/bøtte).

Dimed finst det, tvert i strid med det «Rettskrivingsnemnda» skriv, eit prinsipielt grunnlag for å segja kva slags valfridom som er mest vildrande. Dette innspelet har nemndi, etter det me sér, ikkje teki upp i det heile, endå det grip rett inn i grunnlaget for alle vurderingane deira, og det på ein sers pedagogisk måte.

Det er verdt å merke at nemndi i arbeidet sitt mesta fylgjestrengt har gjengi til åtak på einfeld typologisk valfridom, medan den vildrande skiftingi millom nedervd og samnorsk skrivemåte av ordrøtene stend i godt lag, og i sume tilfelle er auka (jf. kløyvingi av lykkje/løkke til tvo ord, ein bokmålstankegang av typen gråstein/edelsten som krev ei eigi utgreiding). Utkoma er at framlegget til ny rettskriving er minst like vildrande som fyrr, men vantar den legitimiteten som tradisjon og sjølvtufta løysingar gjev – umsyner nemndi ikkje har teki i det heile.

Ved å høgje ullne prinsipp frå ein samnorskideolog til rettesnor, der ein kann fylgje just det prinsippet som høver, etter som kva for ei utkoma ein ynskjer seg, syner nemndi at ho ynskjer å sementere samnorskdragi i offisiell nynorsk, uavhengig av mandatet um å finne ein veg burt frå vildringi i skrivemåten.

Mot denne bakgrunnen er det lettare å sjå logikken i merknaden frå nemndi um vantande pedagogikk i innspeli dei har fengi: Systematiske og pedagogiske prinsipp som ikkje fører fram til det målet ein ynskjer, tegjer ein i hel ved å koke deim ned i same kålgryta som alle mogelege innspel frå Per og Pål. Undra nemndi seg røynleg yver at hovudmengdi av innspeli dei fekk, tok utstøde i personlege røynslor hjå ulike folk? Og skal dét mestsom vera ei fyrebersle for å ikkje sjå på dei mange innspeli som trass i alt tok tak i prinsipielle sidor ved rettskrivingi (både med og mot det ein sjølv meiner)?

Dette dømet er eitt av mange som berrlegg ein stor veikskap i arbeidet åt nemndi: Vantande vilje til å sjå på grunnlaget for nynorsken som skrift- og kulturmål som grunnlag for valet av rettskriving for dette skriftmålet. Fyresetnadene for den nye rettskrivingi er alt fastlagde og er aldri vortne tekne upp til ordskifte. Det er det same som å segja at «ja, me høyrer på kva de segjer, men me gjer det me har rådt oss til kor som er, so nær som i eit par ord der me ikkje har nokor sterk meining.»

Det er opinleik på falske vilkor.