onsdag 25 november 2009

2010 – ein målodyssé

I det siste har det vori eit ordskifte i skriveføre krinsar um hosse årstalet 2010 skal talast ut. Sjølve Språkrådet med Sylfest Lomheim i tet har gjengi hardt ut og slegi fast at det lyt vera «tvo tusund og tie», eller hosse ein no vil skrive det. Ikkje alle er nøgde med det, men held ein knapp på «tjuge tie» – stutt for «tjuge hundrad og tie».

Eg lit heller mot Norskt Måldyrkingslag erso eg vil ha hjelp til målføringi, eller Mållekken. Millom hine sidone er det ein eigen teig um talord. Der kann eg lesa, som eg fulla hadde mistanke um, at båe måtane å tala ut 2010 på er god norsk.

Det er godt Språkrådet veit kva som tel i målvegen og set inn kraftene deretter, som då dei i 1950 fann på at éin-og-femti skulde heite femtiein. Det er no nie-og-femti år sidan, og einaste baten eg har gått er at ein ikkje kann segja 20,1 lenger utan å nemne kommaet serskilt um ein ikkje vil verte mistydd for å segja 21. Og segjer ein 21, er det dei vrangsulane som trur ein meiner 1 m 20 cm. Kva for mistydingar som ligg i umsåt til næste år, torer eg mest ikkje tenkje på.

Eitt er visst: skal ein nytte tal i dikt, lyt det heite éin og tjuge, eller var det ni og tjuge:

D'er mange som er god' å ljuge,
dei set på seg ein årmålsdag:
«No fyller eg visst ni og tjuge
år.» – slik gjeng det slag i slag,
og dagan' som plar vilja fljuge
for andre, er for deim so drjuge
at livet vert eit årmålslag
og alderen eit stendugt jag.