fredag 27 maj 2011

«Nynorsk snart ein pedagogisk kollaps»

Den nye rettskrivingi for nynorsk er ein pedagogisk kollaps av tri hovudgrunnar:

1) Ny rettskriving kjem ikkje til å koma i staden for gjeldande praksis, men i tillegg.

2) Skipnaden med hovud- og sideformer – bolverket mot altfor stor formsprik – er burte. Talet på former i læreboknormalen aukar; former med mykje større bruksutbreiding enn sideformene. Det er desse formene nynorskbrukarane oftast møter – t.d. i lærebøker, i det offentlege og i NRK. Språkbrukarar lærer normi fyrst og fremst etter skriftlege fyredøme, ikkje etter uppføringar i ordlista. Desse fyredømi vert no meir formsprikjande.

3) I frekvente ord vert valfridomen større – t.d. å ynskja, ynskje, ønskja, ønskje, ynske, ynska, ønske, ønska. Sér me på stavingi, skal på lag 400 former ut [i siste framlegg på lag 300]. Nær sagt alle ufrekvente. Fleirtalet av former stend att. Nær sagt alle frekvente. Problemet er dei ofte nytta formene – det er paradokset. For rettskrivingsnemndi, derimot, er det viktugare å få ned valfridomen i ord som bolung, bræsa, brækta, laugsta og mange andre slike ufrekvente ord enn å få ned valfridomen i frekvente ord som fylgja, ynskja, der dei heller aukar valfridomen. Med ufrekvente ord meiner eg ikkje ord som harr/horr, tall/toll, tyr/tjor, endå dei er sjeldsynte i skrift. Talet på strokne ufrekvente former, serleg former av ufrekvente ord, er einast pynt i statistikken og bøter ingenting på problemet. Att stend eit nynorskt kjerneordtilfang med auka formsprik og ein nynorsk som er vanskelegare å læra.

«Glad eg ikkje er rogalending»

I Stavanger Aftenblad 12. april kann me lesa stykket «Nynorsk skal bli lettere å skrive for rogalendinger» – eit interview med rettskrivingsnemndi. At det er sterkt og stort motstand mot den nye rettskrivingi, tegjer nemndi um. Nynorsk vert vanskelegare å skriva for rogalendingar, ikkje lettare.

For å gjera nynorsk lettare for rogalendingar, legg nemndi upp til tilfelleleg valfridom millom skrivemåten y og ø i sume ord – t.d. syster og søster, bylgje og bølgje. I dette y/ø-mønsteret (eldre mynster!) er varianten med y den eldste. Heilt gale, derimot, er det når nemndi jamfører dette y/ø-mønsteret med rogalandsk tynne og normert (krutt)tønne. For dei viser både til eldre tunne (som fell ut i den nye rettskrivingi) – det er her snakk um eit u/ø-mønster. Variantane tunne og tynne kann me jamføra med tunn og (syl)tynn. Nokre segjer styst for eldre (og normert) størst – her viser y-en korkje til eldre y eller u, men til ø. Historia um rogalandsk y er mykje meir innfløkt enn dette, for y-en fylgjer eigne reglar i ulike umråde i Rogaland.

Er det lett å fylgja med? Nemndi meiner det, endå nemndi sjølv ikkje greider å halda styr på reglane. Godtruande og lærefiendslegt, meiner eg.

Nemndi hev gjort den nye nynorsken so lett at ein kann få skriva setningi «me ynskjer velkomen» på 32 ulike måtar. Verbet å ynskja skal rogalendingar no få skriva på 8 ulike måtar – ynskja, ynskje, ynska, ynske, ønskja, ønskje, ønska, ønske. På kor mange måtar skal ein no få skriva å fylgja? Dette er eit lurespørsmål. Det er ikkje 8 måtar, men 6 måtar – fylgja, fylgje, følgja, følgje, følga, følge, men ikkje fylga og fylge av ukjende grunnar.

fredag 20 maj 2011

Tolv lygner um Nynorsk 2012™

I dag strøydde Språkrådet sand på framlegget frå Riise-nemndi til ny rettskriving for nynorsk. Når ein les kva Ottar Grepstad sagde i det høvet, er det vanskeleg å vita um han lyg av fåkunne eller driv med skamlaus rosemåling av fauskne bord. Her er tolv punkt der han tek i miss:

1. 2012-normalen vil gjere det lettare å skrive rett, både for den røynde språkbrukaren og for den som er språkleg usikker.

Når me no fær endå ei rettskriving som kjem til å tevle med alle dei hine «gamle» rettskrivingane me framleis støyter på i dag, gjev det seg sjølv at det vert vanskelegare for ustøde brukarar å skrive nynorsk. Røynde språkbrukarar fær det ikkje lettare, dei heller, når dei lyt byte um på vanen sin.

2. Rettskrivinga blir enklare.

Det vert fleire tillatne skrivemåtar av vanlege ord som ‘fylgje’. Det er likevel ikkje noko greidt mynster for når ein kann skrive y eller ø, eller når ein kann skrive med eller utan j. Nye skrivemåtar attpå dei gamle i det same rotet utan system lyt me helst kalle vanskeleg.

3. Rettskrivinga blir […] på mange punkt tydelegare.

Rettskrivingsnemndi sette i fyrstunne upp nokre fåe eineformer, signalord dei kalla, som ‘skule’, som greidt skulde syne at det var nynorsk og ikkje bokmål ein skreiv. I det endelege framlegget kom ‘skole’ med att, so det er uvisst kor mykje som stend att av signalordi. Hokke som druknast denne ørvesle flokken med signalord i dei 120 eller so nye bokmålsformene som skal inn i nynorskrettskrivingi attåt alt samnorskgodset som finst der frå fyrr. Det einaste som er tydelegt er soleis at den nye nynorsken Språkrådet vil ha, gjeng med sjumilstyvlar i bokmålsleid.

4. Som det verbale språket nynorsk er, har det særleg mykje å seie at det no blir lettare å bøye verba rett.

Verbbøygjingi vert, som alt anna, vanskelegare. Det er ikkje greidt å vita når ein kann ha -de eller -te eller båe, og uråd å vita når ein kann skrive stuttform (ta, ska) eller langform (taka, skada) eller båe.

5. Nemnda har først og fremst rydda og forenkla.

Nemndi hev fyrst og fremst kasta ut tradisjonelle former og teki inn nye bokmålsformer. Skorten på system (anna en bokmålssystem) er skrikande.

6. Med denne reforma blir nynorsk normert på eigen grunn, utan omsyn til bokmål.

Ei reform som tek inn 120 eller so nye bokmålsformer og statistiskt sét tydeleg held på samnorske tilmåtingsformer framum tradisjonelle nynorskformer, hev meir en eitt auga på bokmål.

7. Krafta og soliditeten i arbeidet til nemnda imponerer. Framlegget har fagleg tyngd.

Arbeidet vantar ein grunnleggjande diskusjon av prinsippi som rettskrivingi skal fylgje, og nemndi hev ikkje svara på fyrespurnader um dette. I framlegget laver det med faglege blæmor – anten det er viktugt eller ikkje, syner det klårt at det ikkje er fagkunnskap som ligg til grunn for arbeidet og framlegget.

8. Framlegget har […] brei politisk legitimitet.

Framlegget bryt vyrdlaust med mandatet åt nemndi (enkel, tydeleg, stram norm), og nemndi lyg på seg at dei hev mandat til å avskipa klambresystemet. Framlegget er ikkje fyrehavt i korkje departement eller Storting. Breid politisk legitimitet er det soleis for tidleg å skrøyte av.

9. Inga rettskrivingsreform i Noreg har vore betre fundert.

Fundamentet for nynorskt skriftmål er arbeidet åt Ivar Aasen, det kann ein vanskeleg koma undan. Soleis var Hægstad-normi av 1901 best fundert, med di ho bygde på Aasen og vanlege skrivemåtar etter honom. I andre enden av fundamentskalaen finn me 1938-rettskrivingi, der vanlege skrivemåtar brådt vart forbodne. Det er den marginale statusen dei tradisjonelle formene vart tvinga inn i i 1938 som rettskrivingsnemndi no nyttar som argument for å ryskje fundamentet for nynorsken heilt upp med roti.

10. Den nye rettskrivinga [er] eit historisk kompromiss.

Arbeidet med den nye rettskrivingi hev vori einvegskøyrt all vegen. Tradisjonelle røyster er medviti haldne utanfor, og hev ingen part i framlegget som ligg fyre. Nemndi hev einast opna for ordskifte um kosmetiske meiningsløysor.

11. Nynorskbrukarane [er] nærmare ei viss semje i rettskrivingsspørsmålet enn nokon gong.

Nær helvti av landsmøtet i Noregs Mållag røysta for eit konkret framlegg frå Arvid Langeland som gjekk tolleg langt i å atterreise tradisjonelle former, tvert imot nemndi, som berre hev kasta ut. Grepstad set i beste fall likskap millom nynorskbrukarar og leidarskapen i dei statsfinansierte nynorskinstitusjonane som han idest lyde til.

12. [Styret i Språkrådet går inn for å lage ei tilrådd norm for nynorsk.] Dette skal ikkje gå ut over den individuelle valfridomen eller den regionale krafta i nynorsk, men gi ein ferdig pakke og eit trygt kvalitetstilbod.

Framlegget avskipar den regionale krafti i nynorsk med di det skjer burt mykje av den endeframe valfridomen i endingsverket og blæs ein lang marsj i Aasens inkluderande typeformsystem. Når Språkrådet no vil laga eit nytt hovudformsystem (namnet skjemmer ingen), kann ein spyrja seg kvifor dei avskipa det gamle.

Dette var ljott, Ottar.

tisdag 10 maj 2011

Målfridom?

Det sjølvuppnemnde kunnskapspartiet Høgre gjeng no inn for det dei kallar valfritt sidemål i ungdomsskulen. Fridom er eit gjævt umgrip som tyder at det finst eit høve til eitkvart. Høgre vil soleis gje elevane høve til å ikkje lære nynorsk. På hi sida fær då dei elevane som nyttar dette høvet, ikkje høve til å ta med seg ein grunnleggjande kunnskap um nynorsk sidan i livet, og fær ikkje høve til å ta seg ein jobb som krev tame i nynorsk. Fridomen her er soleis langt ifrå eintydug.

Men vente litt – sagde eg at dei ikkje fær høve til å ta seg ein jobb som krev tame i nynorsk? Er ikkje det nær alle stillingane i statlege kontor og nynorskspråklege kommunar og fylke, det då?

Hja, det er teorien. I røyndi veit me at storparten av det offentlege gjev ein god dag i dei lovfeste målrettane åt folk. Vedtaket frå Høgre er soleis ikkje anna en eit stig i den røynlege nedbyggjingi av nynorsk som offisielt nasjonalspråk i Noreg.

Eg vil koma Høgre i møte og segja at me godt kann vurdere valfri nynorskupplæring. Men fyrr en me byggjer ned det ålmenne kompetansekravet til nynorsk, er det då visse grunnleggjande rettar for nynorskbrukarane som lyt stettast røynleg, ikkje berre i namnet:

Målrettane åt den einskilde lyt fylgjast åt av sanksjonar dersom dei vert brotne. Til dømes slik at offentlege skriv åt nynorskbrukarar lyt vera på vitug nynorsk (ikkje maskinumsett makkverk); er dei ikkje det, skal dei vera daude og maktelause. Sjølvmelding på rang målform gjev deg automatisk og utan spursmål rett til å vente med å svara skatt; fyller ikkje NRK på med nøgdi av kvalitetsnynorsk, fær du att pengar på lisensen, osb.

Då vert det audsynt at offentleg tilsette lyt ha tame i nynorsk. I alle fall sume. Dei som hev det, hev berrsynt større kompetanse og bør ha høgare løn.

Då kann me gå attende til det valfrie sidemålet. Er det nokon som ikkje vil ha undervisning i nynorsk på skulen, so ver so god. Men då lyt dei og dei fyresette fyrst skrive under på at dei er kjende med at dette gjev deim mindre kompetanse, at dei misser høvet til å verte tilsette i visse stillingar, og – viktugt å få med – at dei samtykkjer i at dei ikkje kann saksøkje Staten for denne skorten i utdaningi si sidan.

Eg veit ikkje um det i det heile er lov å få 14-åringar til å skrive under på noko slikt.

Men um det er det, so ver so god, for all del: Lat att augo og øyro og lat vera å lære norsk.