fredag 30 september 2011

Revestrikar i Språkrådet

Språkrådet gjeng i svar 21. september i Bergens Tidende endeleg ved at korkje Stortinget eller departementet vedtok å taka burt klammeformsystemet i nynorsk, men svarar ikkje på kvifor dei til no hev hevda det motsette. Svaret frå Språkrådet kann få oss til å tru at departementet avviste tidlegare rettskrivingsframlegg på grunn av framhaldet av klammeformsystemet. Det er på ingen måte rett.

Tvert um viste departementet atterhald då dei skreiv at «det kan verka som eit ambisiøst mål å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer, slik styret i Språkrådet har vedteke». At styret i Språkrådet ikkje veit kva dei sjølve hev vedteke, er ikkje truverdigt.

Departementet avviste rettskrivingsframlegget sist gong, av di Språkrådet korkje kunde semjast um sjølve klammeformsystemet eller um kor stor valfridomen skulde vera i ei rettskriving utan klammeformer. Uvissa var for stor. Valfridomen og klammeformsystemet var ikkje vurderte i samanheng – nett som denne gongen òg.

Dette veit Språkrådet, for i bolken «Språkrådets tilrådde norm» i sakpapiri til styremøtet 20. mai heiter det at «nynorskrettskrivinga blir verande vid» og at «som skriftspråk er ikkje nynorsk tent med så vilkårleg utføring. Det vil ikkje vere heldig at det veks fram ein stor underskog av husnormer som ikkje er synlege eller tilgjengelege for omverda». Denne grunngjevingi for «tilrådd norm» tagde derimot Språkrådet opportunt um i tilrådingi til departementet, for denne sannkjenningi syner klårt at mandatet um «ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer» er brote.

Språkrådet grunngjev avslaget på innsyn med at «vi ser det slik at arbeidsdokument som er del av ein intern prosess, er til intern bruk».

Ei slik grunngjeving held ikkje når dei alt hev praktisert meirinnsyn i tilsvarande arbeidsdokument. Fyremålet med undantaket i offentleglovi er å verna arbeidsprosessen, ikkje å verna innehaldet i dokument etter eige tykke.

Språkrådet tvingar gjenom denne rettskrivingi med revestrikar og løyndehald, medan valfridomen i kjerneordtilfanget aukar mot kollaps. Dei ofrar nynorsken for skuld eigen prestisje og eige umdøme.

2012-normalen er klår til bruk, melder styrelem i Språkrådet

Kulturdepartementet godkjende ny rettskriving for nynorsk 22. september – 2012-normalen. Ho skal gjelda frå 1. august 2012, men ikkje alle er so tolmodige.

På nynorsk Wikipedia dryfter sume skribentar no innføringi av 2012-normalen. Ein skribent spør um ein skal taka i bruk ny rettskriving alt no. Styrelem i Språkrådet, Trond Trosterud, melder: «Det er ikkje noko i vegen for at vi som skribentar skal kunne ta henne i bruk allereie no».

Me kann difor slå fast at ny rettskriving, slik ho ligg fyre i innstillingi frå rettskrivingsnemndi, er den som gjeld frå 1. august 2012, utan nemnande handsaming eller endring av fagråd 3. Alle flagrante faglege mistak av rettskrivingsnemndi held soleis fram i 2012-normalen.

måndag 26 september 2011

Gravøl for målmangfaldet

I dag er den årlege europeiske språkdagen, då Europarådet og andre høgtidar mangfaldet av tungemål i Europa. Tanken med dagen er:

* Å vitre ålmenta um kor viktugt det er å lære mange ulike språk og på den måten fremja målmangfaldet og samskynet millom kulturane.

* Å fremja den rike mål- og kulturarven i Europa, som lyt vernast og dyrkast.

* Å mode upp til livslang språklæring i og utanfor skulen, anten det er til studie, yrke, flytjing eller utveksling, eller berre til hugnads.

I Noreg tykkjer Kulturdepartementet og Språkrådet at det er greidt å tyne den norske målarven. Til næste år vil dei kaste ut tradisjonell norsk frå offisiell nynorsk rettskriving. Dimed vert det beste høvet norske elevar har til å verte kjende med den norske målarven, burtteki.

At alt her til lands jamt vert sét gjenom bokmålsbrillor, er ille nog. At det no skal opererast inn bokmålsstar alle stader au, er hakket verre. Det er langt millom festtalone og realpolitikken.

torsdag 22 september 2011

Noko til tilstelling

I dag fekk 2012-normalen, dei kallar no, grønt ljos frå Kulturdepartementet. 1. august 2012 skal dimed Pandora-øskja opnast for fullt i nynorsk rettskriving. Kaoset som råder i dag, skal i nokon mun institusjonaliserast gjenom rettskrivingi. – Med 2012-normalen kan dei fleste skrive nynorsk som før og framleis skrive rett, skrøyter Ottar Grepstad. Hja. «Dei fleste» skriv ikkje rett i dag, og det vert dei venteleg haldand’ fram med. Mange nye bokmålsformer skal no takast inn i offisiell nynorsk, men det gjer ikkje at folk brådt tek til å skrive rett. Nei, det fører til at folk ikkje greider å skilja millom nynorsk og bokmål og tek med seg endå meir målgods frå bokmål når dei skriv nynorsk. Snart kjem det difor krav um å «modernisere» nynorsken endå meir, so den offisielle normi liknar meir på boset dei store tekstprodusentane i stat og forlag fôrar oss med att. – 2012-normalen er laga for å vare svært lenge, segjer Grepstad. Ja, fem år er sikkert lang tid i dag som det er so gjævt med umstellingsprosessar i tid og utid.

Av mange meiningsløysor kann me nemne at det no skal vera forbode å skrive tilstelling, med di alle ord på -stelling skal bytast ut med -stilling. Men det er ikkje noko som heiter tilstilling. Dette illustrerer det vitlause i stoda godt. Kva skal vitugt folk som vil «skrive rett», gjera no? Det finst i grunnen berre tvo kòr:

* Anten kann dei låst som rettskrivingi ikkje finst på dette punktet, og skrive det einaste vituge: tilstelling.

* Eller so lyt dei finne eit anna ord, til dømes arrangement. Eller happening.

– Den nye rettskrivinga er lettare å lære og å lære bort, læt det frå Grepstad, som sannar ordtøket um å ljuge so ein trur det sjølv.

torsdag 15 september 2011

Kva løyner Språkrådet?

Fyrst laug Språkrådet på seg eit vedtak av Stortinget og departementet um å taka ut klammeformsystemet - fyrst i utkastet og framlegget til ny nynorskrettskriving, so i eige brev - men korkje Stortinget eller departementet hev vedteke noko slikt. Dinæst kom tilleggsvedtaket i Språkrådet um «tilrådd norm» - ei innsniking av ny læreboknormal i strid med eige mandat. Men dette er ikkje alt, som me skal sjå.

Sist i januar la tvo rådgjevarar i Språkrådet fram eit notat til det ferdige høyringsutkastet til ny nynorskrettskriving for «Fagråd for skule og offentleg forvaltning» (eitt av fjore fagråd i Språkrådet), der «[d]e pekte på prinsipielle problem ved forslagene slik de foreligger, og viste til mulige løsninger som kan forenkle normen», som det heitte i møtereferatet. Innsyn i dette notatet kunde derimot ikkje Språkrådet gjeva; dei viste til at dette var eit internt arbeidsdokument, utan å visa til klageretten slik offentleglovi krev.

Innsyn kunde derimot Språkrådet gjeva i eit notat til høyringsutkastet frå ein annan rådgjevar i Språkrådet (her stadnamntenesta). Dette notatet, som berre var ytleg kritiskt til framlegget, vart jamvel publisert saman dei andre høyringssvari. Ein skulde tru at prinsippet um likehandsaming i forvaltningi òg galdt Språkrådet, men det gjer det altso ikkje.

Grunnen til ein slik skiftande praksis i innsynretten må vera ein annan. Det rører seg heller um ei medviti løyning av grunnleggjande negativ kritikk av rettskrivingsframlegget, medan positiv eller ytleg kritikk fær koma fram i ljoset. Men slikt kann ikkje vera eit grunnlag for avslag på krav um innsyn.

Eg stussar difor når styreleidaren i Språkrådet, Ottar Grepstad, kunde segja at «[p]rosessen har vore open og demokratisk, alle synspunkt har kome fram, og alle som ville, kunne delta i debatten undervegs». Dersom dette notatet ikkje tolar offentleg innsyn etter prinsippet um meirinnsyn, burde heller ikkje rettskrivingsframlegget tola innsyn.

måndag 12 september 2011

Tillegg til notat um rettskrivingssaki ute

I dag sende Ivar Aasen-sambandet og Norskt Måldyrkingslag inn eit tillegg til notatet 14. august – «Analyse av arbeidet med ny rettskriving for nynorsk». I dette tillegget tek me upp emne me ikkje vann å få med i fyrste notat. Yver 16 sidor drøfter me serleg formverk og ordavleiding. Me ser oss med dette ferdige med analysen av rettskrivingsframlegget, endå det er mykje meir å taka tak i.

Departementet er ikkje lett å tolka, og me veit ikkje um rettskrivingi er ferdig fyrehavd og vert sanksjonert, eller um vedtaket um «tilrådd norm» enno ligg på vent, eller um det kjem ei avgjerd etter valet.

Me meiner likevel at det er viktugt å få dokumentert kva for ei fagleg likesæla dette rettskrivingsframlegget målber, og kor ålvorlege konsekvensar den nye rettskrivingi kjem til å få for nynorsken som bruksspråk. Den faktiske valfridomen hev auka eksplosivt, og det finst ingi samanhengar som vert tekne ålvorlege lenger i rettskrivingi. Men når folk i sentrale posisjonar ikkje fangar upp dette, er det ikkje so mykje ein kann gjera. Det skal mykje til før departementet no snur, etter di ingi tunge nynorskinstitusjonar hev teke til motmæle mot rettskrivingsframlegget.

Tillegget finn du her.