söndag 19 april 2009

Målkultur i det moderne – minneverdugt møte med ein riksmålsfilosof

Det slær aldri feil. Heilt frå di det gjekk upp for den norskdanske eliten i Noreg at det norske landsmålet ikkje var eit muséalt sundagsprosjekt, men beraren av ei ålmenn kulturreising som baud ut rådande verds- og samfundssyner, er nynorsken, som målet no vert kalla, vortin møtt av tallause rop som med heilag yvertyding emnar seg å slå fast det motsette: Nynorsk kann vera fint i dikt, men høver ikkje til det moderne samfundet. Trass i det store tekstkorpuset frå harmdidrande riksmålsbrukarar um denne saki, har det aldri lykkast deim å koma til kjernen i saki og få sett fingeren på dei innebygde språkpsykologiske stengi i nynorsken som skulde hindre målbrukarane å bera fram ein moderne kultur. Endå riksmålet etter deira segn har fyreråmet i allslags vitskaplegt bruk. I millomtidi har nynorskbrukarane av skort på prov ikkje visst betre en at dei har teki målet sitt i bruk på alle umkverve, liksom humla flaug trass i at fysikarane i ei ikkje alt for fjerr, arrogant fortid meinte det ikkje var råd for henne å gjera so.

I dag er kravet til nyttelegdom innan fysikken sopass stort at det er få fysikarar med gjenomtenkte karrièreplanar som vil hævde at humla ikkje er fljugefør. Men det kann sakte vera råd å setja fram ein hypotese um at fljugeevna åt humla er so hardt trengd i ervetoet at arti ikkje kann yverliva i lang tid. Spådom er enno ein trygg nisje. I den finn nynorskmotstandarane au herbyrge. Det er kann hende ikkje det glupaste draget lenger å påstå at nynorsk ikkje høver på umkverve der målet longe er i bruk, men som vel er kjem det stødt til nye ting her i verdi, og kven segjer at nynorsken kjem til å høve der? Soleis vert påstandet um at nynorsk ikkje høver til moderne kultur og samfund eit dogme som ikkje kann motprovast, same kor utbreidt målet vert.

I denne språktotalitære tradisjonen hengde Bjarne Berg, filosof og cand. philol., seg på i 2007 då han kom med denne utrulege setningi: «Både i sin struktur og i sitt vokabular kjennes nynorsken fremmed for moderne norsk kultur.» Det kann synast som Berg dreg det gamle tjuvknepet med å setja slutningi fyre: Nynorsk er ikkje ein del av moderne norsk kultur, definert som riksmålskulturen Berg liver i, derfor er nynorsk fremend for moderne norsk kultur. Berg etterlyste sjølvsannkjenning hjå målfolk, men sannkjenner ikkje sjølv at det finst eit kulturelt mangfald i Noreg, der ikkje berre nynorsk og bokmål, men målføri og dessutan andre mål spelar ei vyrk rolle. Til skilnad frå mange i dag, men til liks med mange for hundrad år sidan, sér Berg fyre seg moderne kultur som ein hegemonisk monokultur.

I den mun han har rett, er det ikkje bokmålet som dreg lasset sjølv. Det er engelsk som er det berande målet i dei mest framskotne kulturelle straumdragi i dag. Berg vil ikkje sannkjenne ein moderne kultur tyft på nynorsk – er det nokon større grunn til å rekne med ein moderne kultur tyft på bokmål? Den retoriske spursmålsrekkja her vert: Kven trur du er mest påverka av engelsk – ein nynorskbrukar eller ein bokmålsbrukar? Kva mål høver då best til å bera fram det serskilt norske i den norske greini av verdskulturen – nynorsk eller bokmål?

Det er det det er spursmål um her – å bera fram sin skjerv og sin arv til verdskulturen. Det universelle finst i manneverdi berre i form av måtar å sjå det på, ikkje som ein ting i seg sjølv. Her kjem den nasjonale tradisjonen inn: me vel det norske, ikkje av di det treng å vera betre en anna i eitt og alt, men av di det er ein sereigen lùt i det universelle, ein serskild måte å skoda det universelle på. Det er kulturreisingi målrørsla står for. Berg vil styrkje riksmålet som eit kulturberande mål ved å avskipa rettane til andre mål og stigmatisere deim som feil og kulturelt mindreverduge. Det vert ein låk kultur som høgjer seg sjølv ved å lægje andre.

fredag 3 april 2009

Bokmål som einaste riksmål – nynorsk som einaste kulturmål?

Hundrad år etter at Riksmålspartiet – eller Rigsmaalspartiet – såg dagsens ljos, har me no fengi eit nytt reinhekla målparti her i landet. Eller parti? Skipnaden «Ett (skrift)språk» – take meg, for ein skrivemåte! – er fyrebils berre eit listeframlegg i Akershus utan partiprogram dessmeir, og synest i stundi mest å vera fritidsysla til den pensjonerde læraren Einar Smørdal, barnefødd på Sunnmøre.

Tungemålet er evlaust ein so viktug del utav kulturen og samfundet vårt at det lett kunde lata seg gjera å byggje ei vidfemnande stemneleid for kulturvokster kring det. Det sér hokke som ikkje ut til at eigne meiningar um økonomisk politikk har høve til slå igjenom i serleg mun, jf. finansstatsråden frå SV, so kvifor ikkje sanne dette og samle kraftene um kulturpolitikken?

Men neidå, det er kje ein slik utveg dette nye partiet emnar på. Det er eit mot-parti: imot nynorsk i upplæringi, imot nynorsk i landsstjorni og imot namnet Noreg. «Galningar, som berre riva ned og inkje byggja upp,» som Ivar Aasen sjølv sagde det.

Den uliklege bakgrunnen til partiskiparen – eg meiner, er det lærarar frå Sunnmøre du ventar skal institusjonalisere fordomar mot nynorsk? – vert meir skynjeleg um me sér på rolla uteljande mange norsklærarar har havt med å tyne norskt mål i skulen upp gjenom tidi. Kva som lokkar desse måltynarane til lærargjerningi er uvisst, men det må vera maktkjensla frå den ibuande myndi i stillingi, noko dei visst ikkje kann vone å uppnå gjenom vanleg meiningsutveksling.

At ein norsklærar stend på denne lina bør soleis ikkje undre nokon. Kva so med sunnmøringar? Finst det ei greid uttyding av det mèd? Hja, det kjem fulla på line med at det er «fornorska» samar som høgg verst etter samiskt mål, det. Internalisering av ytre fordomar, dei kallar.

Med eit atterhald for at dette kann vera eit strå-parti som skal stela røyster frå Framstigspartiet og Høgre eller kven det no er som plar stelle seg i brodden for målhatet fyre skulevali, har me fengi endå eit vildra småfascistisk miniparti her til lands. Med merkelappen «fascisme» tenkjer eg på punkti Umberto Eco sette upp i skriftet Il fascismo eterno: millom anna det å peike ut ein minoritet (jødekapitalistar, nynorskfanatikarar, myrkleitte moskégjengarar) til ein fårleg fiende som lyt staggast, og det å ha eit fyrebilæte um nasjonal einskap som stend i motstrid til kunnskap («bokmål er rett norsk», «ekte tyskar er blonde»). Det læt kann hende noko hoggsterkt for noko som fulla kjem mest av tankeløyse, men det er greidt å kalle ein spade ein spade, um han so ikkje mokar.

Med slik merksemd for eit miniparti som tek upp gamle fordomar, kunde det vera ein likare tanke å skipa eit parti som tok tak i nye framsyner i målleidi. Kva vøre klassisk græsk kulturblomstring eller humanismen og renessansen utan målet? Naïv som eg er, stikk det meg at eit parti som freistar å spreide bjartsyn heller en svartsyn burde få ei betre fagning enn. Eller skal me berre kuppe Naturlovpartiet?