måndag 6 augusti 2012

Ny rettskriving i nynorsk – alt som fyrr?

1. august fekk me ei ny offisiell nynorskrettskriving. Dette kunde vore ein festdag for nynorsken, segjer styreleidaren i Språkrådet, Ottar Grepstad, hadde det kje vore for dei som skapar usemju um den nye rettskrivingi. Samstundes dreg Grepstad fram den «breide semjo» um den nye rettskrivingi som fremste fyremunen ved ’ne. Korleis desse utsegnene heng i hop, hadde vore morosamt å høyrt. Det er likt til at den som tek til motmæle mot språkrådslina, definerar seg ut or det gode nynorskselskapet. Det tagale fleirtalet, derimot, vert utan motfyrestellingar teke til inntekt for språkrådslina, som soleis representerar «folkeviljen». Slik kann ein argumentere når ein sit med makti.

Som stoket kring «høgtidingi» av den nye rettskrivingi syner, finst det usemju, og denne usemjo hev betre grunnlag en Grepstad og hine nynorsktoppane gjev tokken av. Skilsmålet speglar beint fram målstoda her til lands, som er sermerkt av ei vidsveimd normalisering mot bokmål i alle strok av landet – beinveges eller umveges. Spursmålet som ris or denne stoda, er um nynorsken skal vera ein samnemnar for systemet i dei nedervde norske målføri, til skilnad frå den hegemoniske prestisjen i det norskdanske bokmålet, eller um han skal vera eit tenkt statistiskt kompromiss millom alt talemålet i Noreg, noko som i røyndi inneber at han lyt rette seg etter det breidale bokmålet i det meste.

Heller en å argumentere for vegen dei hev valt, forsvarar Grepstad og hine nynorsktoppane lina si ved å svartmåle motstandarane sine det beste dei vinn: Heller en å ordskiftast vitskapleg um målstoda og dei pedagogiske prinsippi for ei skriftmålsnorm, blæs dei heile motstandet burt som «folk som vil skrive slik dei gjorde fyre 1938», utan å våtte det røynlege argumentet: at dei «gamle» prinsippi Aasen nytta, er tidlause. Utan desse prinsippi hadde me kje fenge noko nynorskt skriftmål i det heile.

Lat meg bada i fordomane med eit samandrag på det gamle versmålet dróttkvædt:

Eg fretter fy-ord frå Ottar,
men fyser kje lyse semju:
Viljen må likare vike, for
vitet er vondt å vande.
Glodi og greida i målet
lyt gagnlaust meinkast og tagne;
då skrånar voni i skulen:
Med skam lyt dei skrive vaml.

Reglane i versmålet tvingar skalden til å nøyte ordfanget i målet. Det er ei idrott me rosar når det gjeld prestisjefylde mål som engelsk, men ofte gjer narr av når det gjeld norskt mål. Det er denne svivyrdnaden som ty’st liggje i botnen for uviljen mot «gamalt» mål i Språkrådet dessmeir.

Ordforbod?

Det hev vore sagt at den nye rettskrivingi kvittar seg med mange lite nytta ord, men det er ei mistyding, må vita – det er skrivemåten av ordi det gjeld.

Li’vel er det tilfelle at sume meiningslause reglar i den nye rettskrivingi gjer nokre vanlege ord forbodne. Det råkar til dømes ordet tilstelling, med di -stelling jamt skal vike for -stilling, og det råkar ordet truverde, med di verde skal ut for verd og verdi. Men dette er kje ulike skrivemåtar av same ordi, det er ulike ord som ikkje yverlappar einannan fullt ut. Soleis er det kje noko som heiter *tilstilling eller *truverd. Ein kann med retto segja at Språkrådet hev kvitta seg med alt truverde. Det er vanskeleg å ta slike påfynster for ålvoru.

Ei onnor blæme i den nye rettskrivingi er det når Riise-nemdi sagde ho vilde gjenomføre den tradisjonelle bøygjingi av e-verb i preteritum, men endå fyreskreiv før-te. Den tradisjonelle bøygjingi er før-de, må vita. Dette er so sentralt i målet at det grip inn i den daglege skrivingi, å kalle, åt den vanlege målbrukaren, og rører dessutan ved samsvarsbøygjingi som system.

Slik kann me halde fram med meiningsløysone. Det liknar til at slump og kunnskapsbrest ligg i botnen for mykje av den nye rettskrivingi, og dess minder kann me skynja uviljen toppane i Språkrådet hyser når det gjeld å gå ved desse audsynte lyti og rette upp i rotet.

Men dette er detaljar, kann sume hævde, kor pinsame og fjølge dei enn er. Kvifor er den nye rettskrivingi so veil i heilo?

Normløysa i nynorsk gjer bokmål til norm

Mantraet frå Språkrådet er at folk flest kann halde ved å skrive slik dei hev gjort. Samstundes presenterar den retoriske euforien den nye rettskrivingi som eit stort sprang fram. Korleis alt dette heng i hop, fær vera ei gåte.

Folk flest fylgjer ikkje rettskrivingi fullt ut, og det kjem dei visst ikkje til å gjera med denne nye rettskrivingi heller. Det same gjeld dei tilsette i staten, som skylder å fylgje ’ne. Retten til nynorsk er ei dagleg hæding og ein dåleg vits, slik han tér seg i praksis. Slik sét er det rett at ho ikkje fører med seg noko stort umbrøyte i skrivevanane åt folk, denne nye rettskrivingi.

Men det er nettupp denne normløysa og dette skrivevirvaret som den nye rettskrivingi skulde bøte på ved å sy den offisielle nynorsken um til ei endefram, trong norm som folk kunde kjenne att og lære. Det fekk me ikkje. Virvaret er ikkje burte. Valfridomen er berre flutt i bokmålsleid, og dét gjer ikkje nynorsknormi stødare eller greidare, snarare tvert um.

Sylfest Lomheim, fyrre direktøren i Språkrådet og sjunde far i huset, segjer det er lett å attervise at den nye rettskrivingi gjeng i bokmålsleid. Er det kje sant at mye, noe og -lig hev lote vike for mykje, noko og -leg, kanskje?

Fasiten er greid. Der valfridomen vert nedskoren, er det oftast bokmålsformene som vinn. Attpå kjem det meir en 100 nye bokmålsord og -former ubede inn i den nye rettskrivingi. Det er noggrant dokumentera.

Dei sermerkte nynorskformene som stend att som eineformer og hev gjenge under namnet «signalord», er forvitnelege av di dei klårt syner kva veg Riise-nemndi og styret i Språkrådet hev valt for nynorsken: Planen er ikkje å gjera seg sjølve arbeidslause ved å gjenomføre den gamle samnorskplanen um samansmelting millom nynorsk og bokmål. Den leiken er bokmålet ferdug med. Planen er ein ny slags samnorsk der nynorsk vert ei nær automatisk spegling av bokmål, eit avbrigde utan mykje eige system å tala um, berre med ei liti samling signalord. Slik kann nynorsken snylte på bokmålet og låst vera det samlande «folkemålet» som vulgærvarietetane av bokmål er åt å verte.

Det spyrst kor lenge styremaktene sér seg tente med å stydja upp um dette narrespelet. Når nynorsk vert ein variant av bokmål ved di alt som stikk seg for mykje ut frå bokmål, vert banna, er den kulturelle og praktiske grunngjevingi for nynorsk som jamstelt statsmål burte. Mållovi er innhol som ho er i dag, og det trengst berre ein innful rådgjevar for å gjera ’na so innhol at berre skalet stend att og heile skipnaden kann rydjast undan når vel folk hev vant seg til stoda.

Fritt fram for godt mål

Er det so uråd å skrive nynorsk i tråd med tradisjonelle mynster for kva som er rett og høvt no? Nei då. Det eine er at me i grunnen skriv som me vil. Det andre er at det same mykje attåt gjeld i høve der me tenkjer oss at me lyt skrive i samsvar med den offisielle rettskrivingi òg. Tenk etter: kor ofte sér du skriv frå staten som fylgjer rettskrivingi i alt? Just so. Vanleg laver det med ljote mistak i slike tekster. Men nett som det ikkje synest finnast sanksjonsråder mot låkt mål, kann det kje finnast sanksjonsråder mot godt mål heller.

Statstilsette kann difor trygt leggje målet sitt etter tradisjonelle mynster som skeiner noko utanum den offisielle rettskrivingi. Normi som er uppsett av Arvid Langeland og Ola Breivega, er ei god praktisk hjelperåd i so måte.

Og til reinhekla målkjærleik og livberging for dei nedervde målføri hev me allveg høgnorsk.