torsdag 3 mars 2011

Stygg misinformasjon frå Språkrådet

I eit upprit frå høyringsmøtet um framlegg til ny nynorskrettskriving på vevsidone åt Språkrådet stend det:

To hovudspørsmål gjekk att i debatten: Skal den nye norma ta utgangspunkt i den nynorsken som er vanleg å sjå i dag, eller skal ein ta utgangspunkt i ei eldre norm? Både Høgnorskringen, Ivar Aasen-sambandet, Norskt Måldyrkingslag og Voss Mållag var til stades og heldt innlegg. Dei meiner at ein må gå tilbake til nynorsken slik han var før 1938, dersom nynorsken skal normerast på eigen grunn. [mi uthevjing]

Dette er ikkje i samsvar med innleggi frå dei fire skipnadene som vert nemnde her, og heller ikkje i samsvar med dei skriftlege høyringsfråsegnene frå desse. Ingen av innleggi eller fråsegnene segjer at utstødet skal vera noko anna en gjeldande rettskriving, og å hævde det motsette tvo gonger i same uppritet syner klårt at dette uppritet berre målber blinde fordomar og ikkje det røynlege innehaldet i innleggi eller fråsegnene.

Er det so vanskeleg for Språkrådet å laga eit sannferdugt, nøytralt og innsynsfullt upprit av synspunkti eg og dei tri hine målbar på møtet? Slik det no stend, legg det ord i munnen på meg og byggjer upp under fordomar. Er prinsippi um eit indre system i den nynorske målbygnaden so esoteriske tankar at ingen greider å rive deim laus frå dei kronologiske, departementale rettskrivingsvedtaki?

Det er ei uppgåve for Språkrådet å fremja kunnskap um og vyrdnad for norskt mål, ikkje å spreide tankelause fordomar. Det skulde vera forvitneleg å få greide på hosse ei slik stygg blæme kunde bera åt, og um Språkrådet hev tenkt å gjera noko so slikt ikkje hender i framtidi, no som dei er gjorde merksame på blæma.