måndag 13 februari 2012

Folkemålskarikaturen

Kulturminister Anniken Huitfeldt godkjende 22. september i fjord ny rettskriving for nynorsk. Det samla talet på valfrie former gjeng ned i ny rettskriving, men sér ein berre på ord i vanlegt bruk, aukar valfridomen dramatiskt. Språklegt kaos og «hjarteformer» finn språkbrukarar på av seg sjølve, ofte i private samanhengar, utan godkjenning frå Kulturdepartementet. Utanfor privatsfæren treng språkbrukarar derimot faste språklege mynster. Det finn nynorskbrukarar no berre i bokmål. Dette kann ikkje enda i anna enn ein tragedie for nynorskt bruksmål.

Etter tvo departementale avvisingar av tidlegare rettskrivingsframlegg, hev Språkrådet greidt å seigpina gjenom ei ny rettskriving. Det hev gjenge for mykje prestisje i dette for alle styrande partar. Når styreleidaren i Språkrådet, Ottar Grepstad, i tillegg rosar rettskrivingsnemndi for fagleg soliditet, endå den flagrante faglege likesæla er utførleg dokumentert, slær det hol på myten um Grepstad som nynorsk vismann.

I bolken «Språkrådets tilrådde norm» i sakpapiri til styremøtet i Språkrådet 20. mai heiter det at «nynorskrettskrivinga blir verande vid» og at «som skriftspråk er ikkje nynorsk tent med så vilkårleg utføring. Det vil ikkje vere heldig at det veks fram ein stor underskog av husnormer som ikkje er synlege eller tilgjengelege for omverda». Denne grunngjevingi for «tilrådd norm» ‒ ei halvoffisiell norm innanfor den nye og vide rettskrivingi ‒ tagde derimot Språkrådet opportunt um til departementet, for denne sannkjenningi viser at mandatet um «ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer» er brote.

Den nye rettskrivingi vart alt føre godkjenningi fagna av styret i Noregs Mållag. Styret hev upplagt ikkje lært kor øydeleggjande og destabiliserande tidlegare normendringar hev vore for nynorsk.

Ivar Aasen og andre målfolk skapa nynorsken som eit alternativ til dansken, seinare norsk-dansken og bokmålet ‒ eit kulturmål å leggja hugen sin til. So kom samnorskflodi. Samnorsk var ikkje Aasen ein gong til ‒ ei skriftfesting av eit talemål utan eige skriftmål ‒ men ei samanstøyping av tvo ulike skriftmål, tyfte på ulike tradisjonar og makttilhøve. Ei slik samanstøyping hadde aldri vore gjord før, likevel skulde ein her på teknokratisk vis gjera det umogelege ‒ taka «det store spranget framover» og gjera kulturen til ein del av sosialøkonomien, og leggja målstriden i røyr. Den nynorsken me hev, vart aldri nokon samnorsk slik tanken var, men eit konglomerat av språklege kompromiss som destabiliserte nynorsken. Huitfeldt fylgjer upp denne tradisjonen.

Ulike serdrag kann derimot reaktualiserast på nye grunnlag. I evolusjonen vert fenomenet kalla eksaptasjon. I vårt tilfelle vart tyningi av nynorsken sjølve grunngjevingi for nynorsken. Endring av nynorsken i bokmåls leid vart ein siger for «folkemålet». Ynsket um ein tradisjonsbunden og normativ nynorsk var eit trugsmål mot «folkemålet», difor måtte nynorsken frigjerast frå sitt eksistensielle åk og vera med på moderniteten. Toleransen for dialektane var den siste store sigeren for målrørsla. I sigersrusen trong ikkje nynorsken eit operativt standardtalemål, for dialektane var liksom ei botnarlaus kjelda. Men i framhaldet av talemålsretorikken og i ynsket um nye suksessar ‒ alt medan bokmålsnært talemål breidde seg meir og meir ut ‒ køyrde målrørsla seg fast. Bokmål er ikkje meir ekskluderande eller talemålsfjernt enn at alle rimeleg lett kann læra seg det både munnlegt og skriftlegt. Her møter den praktiske talemålsnærleiken den ideologiske.  

Grunnen til nynorsksamanbrotet er ikkje bokmålsveldet, men målrørsla sjølv. På landsmøtet i Noregs Mållag i april røysta 48-52 av 125 røysteføre på eit handfast rettskrivingsframlegg frå Voss mållag um ei fast og stram norm, som bygde på normi i Norsk Ordbok. Millom motrøystene var alt frå folk som ynskte ei vidare norm, folk som ynskte ei onnor norm, folk som lika 2012-normalen, til folk som helst berre ville drikka kaffien sin. Styret i Noregs Mållag ville ikkje eingong ha eit normordskifte. Fleirtalet greidde endå ein gong å semjast um kva dei var imot. Noregs Mållag er eit økumeniskt råd for desse sprikjande synene, der målet er å slå ein leikarring kring alt vanskelegt. Det er dette usemje- eller skinsemje-regimet som altfor lenge hev rådt i mållaget. Andre gode tiltak, som styret skal ha ros for, vert i lengdi fånyttes når nynorsken kollapsar pedagogiskt.

I Noregs Mållag skal det heller røra seg um «dei viktige sakene», som at me må ha meir nynorsk, få betre haldningar og dela ut målblomar. Dette er den store skinsemja. Målstriden er vorten meiningsproduksjon utan handfast uppfylgjing. Men ulikt politiske parti treng ikkje makteliten i dei statsfinansierte nynorskinstitusjonane bry seg om veljarane. Og med ei språksyn at alt talemål er like bra, treng ikkje makteliten bry seg om språket heller. Til sist hev me berre ei utviding av «det store nynorske demokratiprosjektet», slik det heiter hjå styreleidar Ottar Grepstad, og endå meir meiningsproduksjon, og soleis vert meiningsløysa grenselaus. Det som då er i strid med denne prosjektmanien, vert blåse av banen som reaksjonært, intolerant og i strid med framgangen og lukka hjå mennesket ‒ eller «den språklege frigjeringi».

Til jamføring vart katalansk og baskisk forbode under Franco på flest alle umråde, nederlandske skular vart stengde i Flandern under fransk styre, irsk vart nær utradert då irsktalande svalt i hel eller emigrerte til USA, i hopetal av fatigdom. Det store fleirtalet av dei som i Frankrike før tala bretonsk, baskisk, arpitansk, katalansk, korsikansk, nederlandsk, tysk og oksitansk ‒ mange av dei gamle kulturspråk ‒ skriv i dag på det nye frigjerande og talemålsnære skriftmålet sitt fransk. I nynorskland hev me endelaus normering.

Fortener målfolk nynorsken? Mange mindretalsmål kann misunna alle resursane, lovvernet og brukartalet nynorsken hev. Likevel greider dei seg betre. Dei hev noko som altfor få målfolk hev – konsekvensanalytisk evna og sjølvtillit. Folkemålskarikaturen avløyste folkemålstanken i Noregs Mållag.

fredag 3 februari 2012

Mål og «møl»

Som eit avkjøme av uvêret kring nynorskupplæringi laga VG ein test med ei rad nynorskord, og denne testen var ikkje mindre nyfikin en at den mèd fekk ein viss gaum i nyhendebilætet.

Serleg ansande var det at styreleidaren i Språkrådet, Ottar Grepstad, i dette samanhanget hævda at feitleik er eit ord ingen har høyrt um, og at det heiter «fedme» på nynorsk. «Fedme» stend kje i nynorskordboki, må vita, og med mange liketydande ord som feitleik, feite og fite i nynorsk er det liten grunn til å triva til danske former det fyrste ein gjer.

Grepstad gav òg tokken av at alle ordi i denne testen var «møl» eller avaldra, men brorparten av deim er i røyndi i livande bruk i dag, ja, sume i bokmål dessmeir, og resten av ordi kunde med fyremun nyttast i eit rikt mål.

I staden for å kommunisera positive språkhaldningar, i dette tilfellet mot ordskatten vår, sér det ut til at Grepstad driv hets mot tradisjonell nynorsk, og dét er radt det same som han skuldar VG for å gjera andsynes nynorsken ålment med denne testen. Soleis tér Grepstad seg som ein laus kanon på dekk i Språkrådet, med ein personleg agenda og eit faglegt fåvit som ikkje er i tråd med uppgåva Språkrådet har: å verna um det norske målet og vyrdnaden for det.

Det er kje godt å sjå korleis VG kunde laga ein retteleg test utan å ty til vanskelege ord heller – ein test med gjengs ord hadde kje vore mykje til test. Med eit par undantak (serleg avløysarordi Språkrådet har laga) var VG-testen difor tolleg brukande.

Sermerkte nynorskord er kje kjernen i nynorsk, men utan dei sermerkte ordi er kje nynorsk lenger nynorsk, men ein ny versjon av bokmål. Ottast ein dei sermerkte nynorskordi, har ein difor mist den sjølvtrygge målkjensla som er fyresetnaden for god nynorsk.

Norskt Måldyrkingslag modar upp til å nytta sermerkte nynorskord der dei høver best og grannast til tanken ein vil bera fram. Målet dug kje utan.