lördag 12 december 2009

Meir um Norsk Årbok 2009

Frå fyreordet:

1920-åri var ei strid tid for samefolket her til lands, utsette som dei var for «fornorskingspolitikken» frå styremaktene. Men midt uppi dette tok Norsk Aarbok til norskt motmæle mot dei statlege åtgjerdene og synte at eit ekte nasjonalt huglag ikkje ynskjer å tyna andre folk, men hyser same godvildi andsynes framande tjoder som andsynes tjodi si eigi.

I år skal me æra minnet um dette og halda fram den vyrdelege tradisjonen i di me set på prent nokre stykke som dregst um ei onnor folkeferd som au laut tola ofseleg medferd frå styremaktene: rommani- eller taterfolket. Det er likevel ikkje tankar um skyldnad som er tildrivet attum dette tiltaket, men snarare det at den openlynde nasjonale tradisjonen enno liver i norskdomsrørsla og at det soleis finst mange skrivarar som er huga på slike emne.

Tvo av stykki i denne årgangen sér på rommanifolket som gruppa, medan eitt tek fyre seg eitt menne frå dette folket – Martin Johan Mathiassen Schou, fantelæraren, dei kalla – og tilhøvet hans til den norske æventyrskatten. Au andre stykke leikar innpå tatrane; me skal verta nærare kjende med Dagfinn Grønoset, som skreiv um «Tater-Milla» og andre småkorsfolk; og «Hardingfeleverket» hadde vore munleg tunnare utan Per spelemann, Fant-Karl og alle dei hine fêlekunstnarane som denne folkeferdi fostra.

Etter at den tyske tenkjaren Johann Gottfried Herder yrkte umgripet nationalismus ein gong uti 1770-åri, hev dei ymislege tankane og kraftene som kunde nytta dette namnet – og nasjons-namnet sjølv – til merke, sett djupe spor i mannesoga. På godt og vondt, kunde me segja, endå det er stor usemja um kor mykje det gode veg upp mot det vonde. Like stor usemja eller uvissa er det um kva som i røyndi gøymer seg attum dette namnet. Eigne røynslor er oftast avgjerande for kva fyredom som fer einom i hugen når ein høyrer dette namnet, og det store ordskiftet vert merkt av det: Det er sterke valdsverk frå fascisme og framandhat som stel yverskriftene. Men er det ikkje nett fyredomar mot det ukjende, som dei segjer er lytet ved nasjonalismen, som tér seg når ein vil setja alle dei tankestraumane i same bås, dei som hev lånt dette namnet?

Norsk Årbok ber eit namn med ein tydeleg tjodleg klang, og endå det stend klårt fyre oss som steller med boki, kva som ligg i namnet, kann det venteleg vekkja motstridande fyrestellingar hjå andre. Difyre kann det vera verdt å setja ord på det me tenkjer, ved høve.

Tenk globalt, men gjer det lokalt, er det eit slagord som segjer, og det er nett det som ligg attum norskdomen slik me sér han. Det det spyrst um her, er å bera fram sin skjerv og sin arv til verdskulturen. Det universelle finst i manneverdi berre i form av måtar å sjå det på, ikkje som ein ting i seg sjølv. Her kjem den nasjonale tradisjonen inn: Me vyrder det norske, ikkje av di det treng å vera betre en anna i eitt og alt, men av di det er ein sereigen lùt i det universelle, ein serskild måte å skoda det universelle på. Og få kann varda um arven beter en dei som hev ervt han. Det er kulturreisingi norskdomsrørsla stend for.

torsdag 10 december 2009

Norsk Årbok 2009

Norsk Årbok 2009 er i kjømdi.

Norsk Årbok er ei skrift til fremjing av høgnorskt mål. Fyrste rekkja kom ut 1920–39; andre rekkja kjem ut sidan 2005.


I år ærar Norsk Årbok minnet um den gongen årboki tok til motmæle mot «fornorskingspolitikken» samane vart utsette for. Det gjer me ved å setja på prent ei rad stykke som sviv um ei onnor folkeferd som hev vore råka av hard medferd frå styremaktene her til lands – rommanifolket. Elles er det som vanleg både unge og gamle skrivarar å finna i boki; me fær lesa um Dagfinn Grønoset, Hardingfeleverket, eit emne hjå Olav Aukrust, det livande målet mansk, og sumt anna.


Norsk Årbok skal vera eit vegamot for folk som vil skriva på sjølvlitande norsk, og dei som vil lesa det. Boki skal taka upp ålment forvitnelege emne frå kultur, vitskap og samfund, og tena til uppkoma og utveksling av norske nemningar frå ulike umkverve, og til odling av norsk skrivekunnesta og målkultur i det heile.


Innehald:

* Ole Jakob Totland: Forløysaren
* Marit Elisebet Totland: Eventyrforteljaren Martin Johan Mathiassen Schou
* Kristin Fridtun: Skalden som skreiv med øyrom
* Rolf Theil: Norsk romani
* Johannes Gjerdåker: Nokre dikt frå «Solrenning» av Olav Aukrust
* Thorgeir Holm: Eit langfarande folk
* Ole Jakob Totland: Røykjaren
* Jon Todal: Når er eit mål daudt?
* Andreas Bjørkum: Midlandsmålet
* Magne Myhren: Koss Hardingfeleverket vart til
* Kristin Fridtun: Hugleik på staur
* Ivar Kleiven: Langfantane på innstig
* Ole Jakob Totland: Makeleg makelaus


Innehaldet frå andre årgangar: Norsk Årbok på Mållekken

onsdag 25 november 2009

2010 – ein målodyssé

I det siste har det vori eit ordskifte i skriveføre krinsar um hosse årstalet 2010 skal talast ut. Sjølve Språkrådet med Sylfest Lomheim i tet har gjengi hardt ut og slegi fast at det lyt vera «tvo tusund og tie», eller hosse ein no vil skrive det. Ikkje alle er nøgde med det, men held ein knapp på «tjuge tie» – stutt for «tjuge hundrad og tie».

Eg lit heller mot Norskt Måldyrkingslag erso eg vil ha hjelp til målføringi, eller Mållekken. Millom hine sidone er det ein eigen teig um talord. Der kann eg lesa, som eg fulla hadde mistanke um, at båe måtane å tala ut 2010 på er god norsk.

Det er godt Språkrådet veit kva som tel i målvegen og set inn kraftene deretter, som då dei i 1950 fann på at éin-og-femti skulde heite femtiein. Det er no nie-og-femti år sidan, og einaste baten eg har gått er at ein ikkje kann segja 20,1 lenger utan å nemne kommaet serskilt um ein ikkje vil verte mistydd for å segja 21. Og segjer ein 21, er det dei vrangsulane som trur ein meiner 1 m 20 cm. Kva for mistydingar som ligg i umsåt til næste år, torer eg mest ikkje tenkje på.

Eitt er visst: skal ein nytte tal i dikt, lyt det heite éin og tjuge, eller var det ni og tjuge:

D'er mange som er god' å ljuge,
dei set på seg ein årmålsdag:
«No fyller eg visst ni og tjuge
år.» – slik gjeng det slag i slag,
og dagan' som plar vilja fljuge
for andre, er for deim so drjuge
at livet vert eit årmålslag
og alderen eit stendugt jag.

söndag 19 april 2009

Målkultur i det moderne – minneverdugt møte med ein riksmålsfilosof

Det slær aldri feil. Heilt frå di det gjekk upp for den norskdanske eliten i Noreg at det norske landsmålet ikkje var eit muséalt sundagsprosjekt, men beraren av ei ålmenn kulturreising som baud ut rådande verds- og samfundssyner, er nynorsken, som målet no vert kalla, vortin møtt av tallause rop som med heilag yvertyding emnar seg å slå fast det motsette: Nynorsk kann vera fint i dikt, men høver ikkje til det moderne samfundet. Trass i det store tekstkorpuset frå harmdidrande riksmålsbrukarar um denne saki, har det aldri lykkast deim å koma til kjernen i saki og få sett fingeren på dei innebygde språkpsykologiske stengi i nynorsken som skulde hindre målbrukarane å bera fram ein moderne kultur. Endå riksmålet etter deira segn har fyreråmet i allslags vitskaplegt bruk. I millomtidi har nynorskbrukarane av skort på prov ikkje visst betre en at dei har teki målet sitt i bruk på alle umkverve, liksom humla flaug trass i at fysikarane i ei ikkje alt for fjerr, arrogant fortid meinte det ikkje var råd for henne å gjera so.

I dag er kravet til nyttelegdom innan fysikken sopass stort at det er få fysikarar med gjenomtenkte karrièreplanar som vil hævde at humla ikkje er fljugefør. Men det kann sakte vera råd å setja fram ein hypotese um at fljugeevna åt humla er so hardt trengd i ervetoet at arti ikkje kann yverliva i lang tid. Spådom er enno ein trygg nisje. I den finn nynorskmotstandarane au herbyrge. Det er kann hende ikkje det glupaste draget lenger å påstå at nynorsk ikkje høver på umkverve der målet longe er i bruk, men som vel er kjem det stødt til nye ting her i verdi, og kven segjer at nynorsken kjem til å høve der? Soleis vert påstandet um at nynorsk ikkje høver til moderne kultur og samfund eit dogme som ikkje kann motprovast, same kor utbreidt målet vert.

I denne språktotalitære tradisjonen hengde Bjarne Berg, filosof og cand. philol., seg på i 2007 då han kom med denne utrulege setningi: «Både i sin struktur og i sitt vokabular kjennes nynorsken fremmed for moderne norsk kultur.» Det kann synast som Berg dreg det gamle tjuvknepet med å setja slutningi fyre: Nynorsk er ikkje ein del av moderne norsk kultur, definert som riksmålskulturen Berg liver i, derfor er nynorsk fremend for moderne norsk kultur. Berg etterlyste sjølvsannkjenning hjå målfolk, men sannkjenner ikkje sjølv at det finst eit kulturelt mangfald i Noreg, der ikkje berre nynorsk og bokmål, men målføri og dessutan andre mål spelar ei vyrk rolle. Til skilnad frå mange i dag, men til liks med mange for hundrad år sidan, sér Berg fyre seg moderne kultur som ein hegemonisk monokultur.

I den mun han har rett, er det ikkje bokmålet som dreg lasset sjølv. Det er engelsk som er det berande målet i dei mest framskotne kulturelle straumdragi i dag. Berg vil ikkje sannkjenne ein moderne kultur tyft på nynorsk – er det nokon større grunn til å rekne med ein moderne kultur tyft på bokmål? Den retoriske spursmålsrekkja her vert: Kven trur du er mest påverka av engelsk – ein nynorskbrukar eller ein bokmålsbrukar? Kva mål høver då best til å bera fram det serskilt norske i den norske greini av verdskulturen – nynorsk eller bokmål?

Det er det det er spursmål um her – å bera fram sin skjerv og sin arv til verdskulturen. Det universelle finst i manneverdi berre i form av måtar å sjå det på, ikkje som ein ting i seg sjølv. Her kjem den nasjonale tradisjonen inn: me vel det norske, ikkje av di det treng å vera betre en anna i eitt og alt, men av di det er ein sereigen lùt i det universelle, ein serskild måte å skoda det universelle på. Det er kulturreisingi målrørsla står for. Berg vil styrkje riksmålet som eit kulturberande mål ved å avskipa rettane til andre mål og stigmatisere deim som feil og kulturelt mindreverduge. Det vert ein låk kultur som høgjer seg sjølv ved å lægje andre.

fredag 3 april 2009

Bokmål som einaste riksmål – nynorsk som einaste kulturmål?

Hundrad år etter at Riksmålspartiet – eller Rigsmaalspartiet – såg dagsens ljos, har me no fengi eit nytt reinhekla målparti her i landet. Eller parti? Skipnaden «Ett (skrift)språk» – take meg, for ein skrivemåte! – er fyrebils berre eit listeframlegg i Akershus utan partiprogram dessmeir, og synest i stundi mest å vera fritidsysla til den pensjonerde læraren Einar Smørdal, barnefødd på Sunnmøre.

Tungemålet er evlaust ein so viktug del utav kulturen og samfundet vårt at det lett kunde lata seg gjera å byggje ei vidfemnande stemneleid for kulturvokster kring det. Det sér hokke som ikkje ut til at eigne meiningar um økonomisk politikk har høve til slå igjenom i serleg mun, jf. finansstatsråden frå SV, so kvifor ikkje sanne dette og samle kraftene um kulturpolitikken?

Men neidå, det er kje ein slik utveg dette nye partiet emnar på. Det er eit mot-parti: imot nynorsk i upplæringi, imot nynorsk i landsstjorni og imot namnet Noreg. «Galningar, som berre riva ned og inkje byggja upp,» som Ivar Aasen sjølv sagde det.

Den uliklege bakgrunnen til partiskiparen – eg meiner, er det lærarar frå Sunnmøre du ventar skal institusjonalisere fordomar mot nynorsk? – vert meir skynjeleg um me sér på rolla uteljande mange norsklærarar har havt med å tyne norskt mål i skulen upp gjenom tidi. Kva som lokkar desse måltynarane til lærargjerningi er uvisst, men det må vera maktkjensla frå den ibuande myndi i stillingi, noko dei visst ikkje kann vone å uppnå gjenom vanleg meiningsutveksling.

At ein norsklærar stend på denne lina bør soleis ikkje undre nokon. Kva so med sunnmøringar? Finst det ei greid uttyding av det mèd? Hja, det kjem fulla på line med at det er «fornorska» samar som høgg verst etter samiskt mål, det. Internalisering av ytre fordomar, dei kallar.

Med eit atterhald for at dette kann vera eit strå-parti som skal stela røyster frå Framstigspartiet og Høgre eller kven det no er som plar stelle seg i brodden for målhatet fyre skulevali, har me fengi endå eit vildra småfascistisk miniparti her til lands. Med merkelappen «fascisme» tenkjer eg på punkti Umberto Eco sette upp i skriftet Il fascismo eterno: millom anna det å peike ut ein minoritet (jødekapitalistar, nynorskfanatikarar, myrkleitte moskégjengarar) til ein fårleg fiende som lyt staggast, og det å ha eit fyrebilæte um nasjonal einskap som stend i motstrid til kunnskap («bokmål er rett norsk», «ekte tyskar er blonde»). Det læt kann hende noko hoggsterkt for noko som fulla kjem mest av tankeløyse, men det er greidt å kalle ein spade ein spade, um han so ikkje mokar.

Med slik merksemd for eit miniparti som tek upp gamle fordomar, kunde det vera ein likare tanke å skipa eit parti som tok tak i nye framsyner i målleidi. Kva vøre klassisk græsk kulturblomstring eller humanismen og renessansen utan målet? Naïv som eg er, stikk det meg at eit parti som freistar å spreide bjartsyn heller en svartsyn burde få ei betre fagning enn. Eller skal me berre kuppe Naturlovpartiet?

söndag 15 februari 2009

Ordsoga åt akkar

Havdyret akkar vantar ei kjend ordsoga. Ordet finst ikkje i gamalnorsk, og sjølve ljodbyggnaden kann ikkje knytast til annan ordskap - korkje i norsk eller germansk. Ein hev freista knyta ordet til akka 'drita' (soleis Grunnmanuset, Nynorskordboka og Bokmålsordboka), eit ord som er umskipa av latin cacare 'ha avføring'. Fylgjer me denne utgreidingi, tyder akkar 'dritaren'. Dette er ei underleg semantisk kopling utan rimeleg grunnlag.

Ei mykje rimelegare kopling er gamalnorsk akkeri 'akker', som alt tidleg i vestnorderlendsk vart lånt frå gresk gjenom latin ancora. Ordet er vanlegare i dansk form anker. Ei målføreform ankar finst òg. Med andre ord hev dette havdyret namnet etter skapnaden, som likjest eit akker/anker. Akkar vert stundom kalla ankartroll, noko som styrkjer den framlagde ordsoga. Mrk. troll vert ofte nytta um dyr som liver i havet.

måndag 2 februari 2009

naudsyn [nødvendighet], trong [trang] til klombrer?

Norrøn ordbok kom i ny utgåva fyre jol. Dette er då den femte utgåva, og ho kom snaudt hundrad år etter upptaket Gamalnorsk ordbok ved Marius Hægstad og Alf Torp. Enno er boki mykje nøytt av studentar i norderlendsk og norsk, og dessutan hev arkeologar og andre som arbeider med millomalderen god hjelp i henne. Ho er liti, raud og rik.

I fyreordet åt femte utgåva kann ein lesa sumt um brigdi frå fyrre utgåva og til denne. Millom anna er teiknet for lang ø skift frå œ til ǿ, og ein hev gjort um skrivemåten på sume lånord so at dei skal høva betre med det normaliserte, klassiske målet. Ein hev elles retta på ymse mistak her og der, og gjort um den latinske nemningsbruken på dyr og vokstrar og anna småtteri. Greidt alt i hop. Det eg beit meg merke i då eg las fyreordet var dette:

I 3. og 4. utgåva var mange stader bokmålsord og -former sette til i skarpe klamrer for å lette forståinga for ikkje-norske brukarar av ordboka. Etter den leksikalske utvidinga av offisiell nynorsk rettskriving i seinare tid har eg i mange tilfelle funne det forsvarleg å stryke desse klamrene, ev. å skrifte dei ut med rund. parentes


Og i fyreordet åt tridje utgåva les eg:

Sjeldsynte norske ord og lite kjende dialektord er stort sett utelatne eller bytte ut med vanlegare ord og uttrykk, helst frå det felles ordforrådet for nynorsk og bokmål. Av og til er reine bokmålsord sette til i skarpe klamrer, ein sjeldan gong er også ei svensk eller danske glose sett inn, når avstanden til den norske definisjonen syntest for stor for andre nordiske brukarar av ordboka.

Hm, tenkte eg.
Fyrst lyt eg få segja at bruken av skarpe klombrer i Norrøn ordbok er noko underleg. Døme:

beinbrot n. beinbrot [-brudd]
hlaup n. 1 hopp, sprang, byks (også om stad der ein hoppar, jf. Hæringshlaup). 2 løp, renn, sprang; taka hlaup, ta til beins, ta på sprang. 3 snøgg ferd, rask reise. 4 åtak, overfall. 5 flaum [flom]
kertirak n. lysrak, lysveike [-veke]
nauð (og nauðr) f. 1 naudsyn [nødvendighet], trong [trang] osb.
þykt f. I. tjukkleik [tykkelse]; tettleik

Eg hev råka studentar som bed um hjelp av di dei ikkje skynjar (det nynorske) ordet i ordbokteigen. Ei velkjend utsegn er: ”Men d’er sett um med same ordet, då!” Og det hender radt. Sumtid er eg samd i at det er greidt med ”noko attåt”:

brún f. I. (pl. brýnn og brúnir) 1 brun, kant, egg. 2 brun, bryn, augnebryn [øyenbryn]
orðstírr m. frægd [berømmelse], gjetord, ære

Men lika vel, er det naudsynt å leggja til -brudd etter brot? Eller flom etter flaum? Og -veke etter veike?

Eg tykkjer det er ein god tanke at jamvel andre norderlendske brukarar skal ha gagn og gleda av ordboki. Men um ein danske ikkje skynjar beinbrot og lysveike, korleis skal han då skynja snøgg og åtak (jf. ordbokteigen åt hlaup). Er det ikkje gløgt å ha ei nynorsk ordbok attmed seg kor som er?

Og kva mun er det i å klistra inn dei illgjetne an-be-het-else-ordi alle stader?

orðhegi f. ordhegd [veltalenhet], talekunst
siðlætisbragð n. utanpå-heilagskap, skin av gudlegdom [skinnhellighet]
ágirnast (nd) lyste, trå etter [begjære] (e-t).

Og so var det dette med å skifta skarpe klombrer med runde. Eg tykkjer det er nøgdi av runde klombrer som det er. Ein nyttar desse til sideformer, bøyging, utfylling, og anna som det er mykje av. Dessutan hadde eg lika at ein enno gjorde skarpt(!) skil på kva som er norskt og norskdanskt. ”den leksikalske utvidinga av offisiell nynorsk rettskriving” er ein mild måte å segja uttynning på, spyrr du meg.

Eller kva tykkjer de? Er det berre hårkløyving og uturvande syt dette?



-kf

onsdag 14 januari 2009

Eit skriftmål vert født

I grenseumrådet millom Frankrike, Sveits og Italia har målvitskapen lært oss at det finst eit mål kalla francoprovençal. Som namnet gjet um, er det skyldt fransk og oksitansk, men dei ulike landskapi i målvaldet har sakna ei sams tilknyting gjenom soga som hadde kunna gjevi målet eit sjølveige namn. Siste hundradåret fór hardt med målet; i dag er det kring 150 000 som nyttar det, og dèt er berre éin av femtie innan dei gamle målvaldsgrensone. Best held målet stand i Aosta-dalen (sjølvstýrd region i Italia), Savoia og eidskantonane Neder-Vallis og Fribourg. Brukarane sér tradisjonelt ikkje på målet som eitt heller, men som einstaka målføre.
Men i 1998 gav Dominique Stich ut ei bok der han la fram ei sams skrivegjerd for det fyrr so uppkløyvde målet. Ulike målføreformer og skrivegjerder som tzèvra, thivro, tchièvre, shivra osb. har no ei samform chièvra (‘geit’) som kann uttalast på kvardeira målføregjerdi. I desse dagane har Stich gjevi ut ei ordbok au, i lag med Alain Favre, og fer dei um i landet med henne. Eg har spurst med Favre um dette målarbeidet:

Kva var tildrivet attum verket med ei sams skrivegjerd for målet?
– Me såg at kvart einaste mål, serskilt i Europa, laut igjenom ein slik prosess um ein skulde få det godteki som eit «røynlegt» – og mogeleg offisielt – mål. Til fyredøme hadde Stich bretonsk og oksitansk.
Er skrivegjerdi teki i bruk enno?
– Det er enno tidleg, men me har god von um at mange tek ved henne med tidi. T.d. har den best kjende bokskrivaren i Aosta-dalen, Floran Corradin, teki i bruk denne skrivegjerdi.
Hosse vart skrivegjerdi motteki av målføretalarar og målfolk?
– I fyrstunne med sjokk, for skrivemåten er myki meir ordsoguleg en ljodrett. T.d. ordet skrivi ljodrett preu, proy, pro, proou, praou osb. er prod i normi. D-en sist i ordet vert aldri uttala, men han hjelper til å gjera ordet attkjennelegt. Mange folk likar ikkje dumbe ljod, dei skynjar ikkje at desse bokstavane kann vera sers beinsame. Ein lyt berre lesa på ein annan måte, og forstå at ein har skriftmålet sams med andre målføre. Mange held seg til landsbymålet sitt eige, og ansar ikkje resten av målet. Men eg trur stoda vert betre no. Folk skynjar at målet er ved å andast um ein ikkje tek ved ei norm. Dei tvo siste tieåri var det ei rørsle i Savoia og Aosta-dalen leidd av målførefolk som uppmoda folk til å skrive ljodrett målføret sitt eige. Etter mi syn var dette ei rein ulykke: folk kunde ikkje skynja einannan, dessminder som bokstavbruket ymsa frå éin region til hin. So uppkløyvingi av målet heldt fram for fullt.
Berrlegg skrivegjerdi bygnaden i målet, so ho stører til ei fræv tilyrkjing av eit eige ordfang? Eller tek ein mest inn ord etter franske fyredøme?
– Ein lyt sjå på ordboki vil ein ha svar på eit slikt spursmål, men eg meiner svaret er ja på fyrste delen av det. Og ein lyt hugse på at det i grunnen ikkje er råd å låne frå fransk, med di godt helvti av talarane er beter kjende med italiansk. So um me vil ha eit sams mål, er me nøydde um å modernisere det på ei heller sjølvrådi vis.
Hosse er det med lånord i det heile?
– Lånordi frå fransk er reint for «naturlege» vortne i den franske lùten, og det same gjeld for italiansk i hin lùten. Eg trur eitt av dei viktugste fyreseti våre er å gjera folk medvitne um denne åtbersla, som trugar sjølve tilvero åt målet vårt.
Har ein noko eige mynster for ordleggjing på frankoprovensalsk, eller vert det myki likt fransk der?
– Me freistar laga eit nytt mynster, tyft på «gamle» tekster og nokre gode moderne skrivarar. Eg vonar me kjem fram til eit nytt mynster soleîs.
Fær denne nye skrivegjerdi nokor godkjenning frå styremakter eller frå kulturelle institusjonar?
– Ikkje til no. Me er nyss i upptaket, må vìta; dette er eitkvart folk lyt venja seg til, og det tek mange år. Men eg veit ikkje um me har so god tid. Dessutan er det sume kulturinstitusjonar – serleg dei som har forda dei ljodrette skrivegjerdene – som ikkje vil misse innverknaden dei har millom folk.
Kva er største utbjodingane for eit sams frankprovensalskt mål no?
– Målet er fælt skjepla av målførekløyving og skort på offisielt bruk. Me lyt byggje upp att eller allvissa skìpa på viktuge lùter av det.
Har den frankoprovensalske målrørsla nokor samvinne med andre målrørslor?
– For tidi har me so myki å gjera med å yrkje til målet vårt eige at me ikkje har stunder til å ta fyre oss slike spursmål. Men ei katalansk-oksitansk rørsle har nyleg bedi oss um samband, og eg vonar me kann få til eitkvart der. Katalansk og oksitansk er systermåli våre, og eg trur me lyt samvinnast på umkverve som nemningsbruk og offisiell godkjenning. Stoda åt frankoprovensalsk er på mange måtar lik den åt oksitansk. Og katalansk, som no kjem seg att etter ein sers myrk tidbolk, kann rettleide oss på vegen til eit betre lægje. Det er enno sers vandt å ervida for mindretalsmål i Frankrike, må vita, men me sér no at ov-sentralisering og jakobinisme er i attergang i dette landet som lengi stod fram som eittspråklegt – som det offisielt enno er.
Takk for spurdagen.
– Takk for forvitna.

Ikkje store skilnaden frå det me har å stride med heime, synest det. I tidi etter denne spurdagen er arpitansk komi upp som eit sjølveige namn på målet.