fredag 1 april 2011

Måltvang gjev mindre motburd

I dag kom Riise-nemndi med det endelege framlegget til ny rettskriving for nynorsken. Me tok turen innum dugurden og høyrde kor det stod til. Styreleidaren i Språkrådet, Ottar Grepstad, var upp i under yver den fljote arbeidsmåten til nemndi.

– Dette er eit skuledøme på korleis ein bør gå fram i opne prosessar med demokratisk høyring, skrøyter Grepstad. – Dersom ein legg lok på alle viktuge spursmål og let folk krangle um kosmetiske meiningsløysor, slepp ein undan alle vanskelege avgjerder. Då kann ein skjera igjenom med ein klædeleg slump kompromissvilje utan at det hev noko grunnleggjande å segja korkje for kranglefantane eller for planane våre eigne. Dette vert eit mynster for samfundsdebatten ålment i tidi frametter, er von. Tvingar ein ordskiftet utanum dei røynlege stridsemni, møter ein mindre motburd, må vita, smiler han nøgd.

Nemndeleidaren sjølv, Grete Riise, tek all rosen med byråkratisk ro.

– Denne utkoma var berre mogeleg takk vere dei mange innspeli me fekk, gjeng ho gladleg ved. – Ni av ti innspel er bøner um å få den og den hjarteformi. Eit slikt fragmentert debattlende er ei gåvepakke for alle med avgjerslemakt, med di det ikkje er fleirtal for nokor einskild bøn. Då kann me gjera som me vil, berre me syter for å stette ei viktug hjartesak i aust og vest. Denne gongen valde me å køyre fram kløyvd infinitiv og «dokker» som pisk og gulrot.

Det lyt du greide nøgnare ut um?

– Jau, blunkar ho lurt, – i fyrebilsframlegget truga me med å taka ut kløyvd infinitiv. Soleis samla me motstandet på Austlandet der me vilde hava det. No held dei fulla kjeft, når me gav deim lov til å halde på det likevel. Med «dokker» tok me ein annan vrid, må vita: me ymta um at me skulde koma upp med ei ny form av ‘de/dykk’, og det fekk heile det nordanfjelske til å kaste seg på åta. Ja, Universitetet i Bergen dessmeir gjekk beint på agnet og skreiv ei lang utgreiding um det, fortel ho med tillaup til glød og turkar burt ei usynleg tår.

På spursmål um den faglege åtfinningi, som vantande samsvar med mandatet og vantande pedagogisk vinst etter all vinna, dreg ho på aksli:

– Det hev eg ingi greide på, og når ni av ti brukarar berre er upptekne av hjarteformer, er dét som det skal vera, segjer ho utan å blunke. – Dessutan var me so hepne at flestalle som tok upp slike ting, skriv tradisjonell nynorsk, som venteleg er, og deim er det sosialt akseptert å mobbe kor som er.

Programsekretær Bjørn Brandtzæg i Mangfaldingsdirektoratet sér likevel fyre seg store praktiske fyremuner ved den nye rettskrivingi.

– No vert det mykje lettare å setja um offentlege skriv beint frå bokmål til nynorsk utan å få herleg kjeft frå Språkrådet i den årlege rapporten deira, slær han fast. – Det vert so lett at jamvel ein lærarhøgskulekandidat kann greide det. Ja, me kann berre køyre skrivi gjenom eit automatiskt umsetjingsprogram, so er det gjort. D’er kje større skilnaden. Då kann det rett nog hende at den aktive nynorskkompetansen tverr, slik at sakfyrehavarane våre ikkje greider å lesa fyrespurnader frå ålmenta som er skrivne på stilrein nynorsk, men eg trur i grunnen ikkje folk kjem til å merke den heilt store skilnaden, segjer han tryggjande.

Ein anonym tilsett i Språkrådet drog oss til side og kviskra ottefull um framtidsvonene han såg fyre seg:

– Dette er det verste som er hendt med nynorsken sidan siste rettskrivingsbrigdet. No vert det endå eit set med nye og gamle former å handskast med for dei som les og skriv nynorsk utan å sjekke kvart djevla ord i ordlista. Og eg lyt kaste alle dei væne ljosarkframsyningane mine i boskorgi. Fa** take.

Me gómla i oss resten av rækesmørbraudet og tusla ut att i det bleike vårvêret.

Inga kommentarer: