söndag 21 augusti 2011

Slaget um Stiklestad

Biskup Gunnar Stålsett og organisasjonen «Religioner for fred» ynskjer eit multireligiøst fredssenter på Stiklestad. Ikkje alle likar dette, endå flest alle er for fred. «Stiklestad står også for vold og religionens mørke sider», sa Stålsett til Klassekampen i juli. No kann me sjølvsagt lasta våre kristne og heidne forfedrar for at dei ikkje bygde multireligiøse fredssenter kringum i landet, men tidene var no onnorleis den gongen.

Slaget på Stiklestad var ingen kamp millom kristne og heidningar, men ein interreligiøs allianse millom trønderar og nordlendingar mot skattleggjing og sentralstyring. Det som er rett, er at Stiklestad vart eit symbol på den heilage Olav og hans mirakel, og den seinare olavskulten. Difor er òg Stiklestad eit symbol på kristendom i kristen millomaldersk lidingssymbolikk.

Ein med sterkare lut om Stiklestad er Thomas Hylland Eriksen. På den nasjonale historiekonferansen «Minnesteder - hva og hvorfor? Og for hvem?» på Stiklestad i 2005 kunde han melda at «nasjonalsymbolet Stiklestad har virket ekskluderende på det flerkulturelle» og at det «ikke er noen stor forskjell mellom nazistenes bruk av nasjonalsymboler i krigsårene og hvordan vi hegner om de samme symbolene i dag».

I etterpåklokskapen kann slike nazi-merkjelappar og magiske symbolkoplingar - i slaget um Stiklestad - verka ein smule grovkalibra. Men at sume liver i ei magisk fyrestellingsverd, jamvel millom akademikarar tvo hundrade år etter upplysningstidi, må me berre godtaka i vårt pluralistiske samfund.

Men det er mykje moralisme her òg. Det religiøse hev ikkje lenger same moraliserande grip i vårt sekulariserte Noreg. Sisteskansen - domedag - fall for naturvitskapen i global uppvarming. Nymoralismen er derimot ein god avløysar, med eigne teknikkar for å skapa kjenslor av skam og skuld. Me skal helst ha litt skuldkjensle når me vil verna um vår eigen kulturelle eksistens, og me skal liksom bera på all norsk kulturell ervesynd, uppsamla sidan vikingtidi. Og liksom annan nyinnførd trudom, legg den nymoralistiske rørsla sine gudshus på gamle kultstader - her eit interreligiøst fredssenter på Stiklestad - liksom stavkyrkjone vart bygde på tuftene av gamle gudehov.

Nymoralistane kritiserer ikkje problematiske sidor knytte til maktfaktorar - europeiske i upphav, norske i utføring - som parlamentariske institusjonar, fri pressa, utdaningsinstitusjonar, økonomisk organisering og fredssenter. Dette er for nymoralistane gode, universelle verde som kann eksporterast ut til folket. Institusjonane og kollegia deira fungerer dimed som moderne presteskap med monopol på saliggjeringi. Høgt hevja over heidenskapen i avvikande meiningar kann dei trygt diskutera den bonderomantiske absurditeten i brunosten og den eksluderande verknaden av Stiklestad. Ei slik nymoralistisk åtferd er berre med på å lokka fram paranoia, jamvel millom dei traustaste nordmenn, i møte med andre kulturar.

Inga kommentarer: