tisdag 13 mars 2012

Målpolitisk andsvarsfråskriving

Nynorsk pressekontor melde for stutt tid sidan i Nationen og andre avisor at «tilrådd norm» for nynorsk er sett på vent. Språkrådet skulde etter planen vedtaka «tilrådd norm» på styremøtet 27. februar, men ventar enno på svar frå departementet.

Det kann soleis synast som at vedtaket um «tilrådd norm» fell i fisk og at departementet ikkje veit kva dei skal gjera.

Det er ikkje tilfelle - gjenomføringi av «tilrådd norm» er i full gang. I eit dokument merkt «unnateke offentlegheit» (men tilgjengelegt frå offentleg postjournal) frå styremøtet i Språkrådet 15. desember i fjord røper styreleidar Ottar Grepstad at store endringar i vedtektene for Språkrådet er i emning. Dei nye vedtektene gjev styret nær sagt autonomi i rettskrivingsspursmål, både for nynorsk og bokmål. Språkrådet kann millom anna avgjera «tilrådd norm» på eigi hand.

Departementet slepp å godkjenna vedtaket um «tilrådd norm» når dei fråskriv seg det politiske andsvaret og gjev vide normeringsfullmakter til Språkrådet og let Språkrådet vedtektsfesta «styrevedtaket om å utforme ei tilrådd norm for nynorsk», slik det heiter i dokumentet frå styremøtet i Språkrådet. Departementet skreiv fyrste vedtektsframlegg 8. juni 2011. Departementet hev soleis vore med på dette spelet frå fyrste stund.

Korleis Språkrådet elles kjem til å bruka desse nye fullmaktene, hev me alt sett døme på i den vilkårlege utøvingi av mandatet um «ei tydeleg, enkel og stram norm» for nynorsk. Kulturdepartementet hev ikkje avgjort um nye vedtekter skal på høyring. Styreleidar Grepstad er ikkje serleg viljug til ei slik høyring, ettersom ei høyring kann skapa vanskar for gjenomføringi av det umstridde vedtaket um «tilrådd norm». Grepstad viser til at vedtektene som vart fastsette for det nye Språkrådet ikkje var på høyring. Den gongen var det derimot ikkje tala um endring i vedtektene, men ei umskiping av Norsk Språkråd til Språkrådet, og den prosessen var på høyring.

Dette er ikkje anna enn manipulasjon frå Språkrådet.

Inga kommentarer: