söndag 15 februari 2009

Ordsoga åt akkar

Havdyret akkar vantar ei kjend ordsoga. Ordet finst ikkje i gamalnorsk, og sjølve ljodbyggnaden kann ikkje knytast til annan ordskap - korkje i norsk eller germansk. Ein hev freista knyta ordet til akka 'drita' (soleis Grunnmanuset, Nynorskordboka og Bokmålsordboka), eit ord som er umskipa av latin cacare 'ha avføring'. Fylgjer me denne utgreidingi, tyder akkar 'dritaren'. Dette er ei underleg semantisk kopling utan rimeleg grunnlag.

Ei mykje rimelegare kopling er gamalnorsk akkeri 'akker', som alt tidleg i vestnorderlendsk vart lånt frå gresk gjenom latin ancora. Ordet er vanlegare i dansk form anker. Ei målføreform ankar finst òg. Med andre ord hev dette havdyret namnet etter skapnaden, som likjest eit akker/anker. Akkar vert stundom kalla ankartroll, noko som styrkjer den framlagde ordsoga. Mrk. troll vert ofte nytta um dyr som liver i havet.

Inga kommentarer: