fredag 3 april 2009

Bokmål som einaste riksmål – nynorsk som einaste kulturmål?

Hundrad år etter at Riksmålspartiet – eller Rigsmaalspartiet – såg dagsens ljos, har me no fengi eit nytt reinhekla målparti her i landet. Eller parti? Skipnaden «Ett (skrift)språk» – take meg, for ein skrivemåte! – er fyrebils berre eit listeframlegg i Akershus utan partiprogram dessmeir, og synest i stundi mest å vera fritidsysla til den pensjonerde læraren Einar Smørdal, barnefødd på Sunnmøre.

Tungemålet er evlaust ein so viktug del utav kulturen og samfundet vårt at det lett kunde lata seg gjera å byggje ei vidfemnande stemneleid for kulturvokster kring det. Det sér hokke som ikkje ut til at eigne meiningar um økonomisk politikk har høve til slå igjenom i serleg mun, jf. finansstatsråden frå SV, so kvifor ikkje sanne dette og samle kraftene um kulturpolitikken?

Men neidå, det er kje ein slik utveg dette nye partiet emnar på. Det er eit mot-parti: imot nynorsk i upplæringi, imot nynorsk i landsstjorni og imot namnet Noreg. «Galningar, som berre riva ned og inkje byggja upp,» som Ivar Aasen sjølv sagde det.

Den uliklege bakgrunnen til partiskiparen – eg meiner, er det lærarar frå Sunnmøre du ventar skal institusjonalisere fordomar mot nynorsk? – vert meir skynjeleg um me sér på rolla uteljande mange norsklærarar har havt med å tyne norskt mål i skulen upp gjenom tidi. Kva som lokkar desse måltynarane til lærargjerningi er uvisst, men det må vera maktkjensla frå den ibuande myndi i stillingi, noko dei visst ikkje kann vone å uppnå gjenom vanleg meiningsutveksling.

At ein norsklærar stend på denne lina bør soleis ikkje undre nokon. Kva so med sunnmøringar? Finst det ei greid uttyding av det mèd? Hja, det kjem fulla på line med at det er «fornorska» samar som høgg verst etter samiskt mål, det. Internalisering av ytre fordomar, dei kallar.

Med eit atterhald for at dette kann vera eit strå-parti som skal stela røyster frå Framstigspartiet og Høgre eller kven det no er som plar stelle seg i brodden for målhatet fyre skulevali, har me fengi endå eit vildra småfascistisk miniparti her til lands. Med merkelappen «fascisme» tenkjer eg på punkti Umberto Eco sette upp i skriftet Il fascismo eterno: millom anna det å peike ut ein minoritet (jødekapitalistar, nynorskfanatikarar, myrkleitte moskégjengarar) til ein fårleg fiende som lyt staggast, og det å ha eit fyrebilæte um nasjonal einskap som stend i motstrid til kunnskap («bokmål er rett norsk», «ekte tyskar er blonde»). Det læt kann hende noko hoggsterkt for noko som fulla kjem mest av tankeløyse, men det er greidt å kalle ein spade ein spade, um han so ikkje mokar.

Med slik merksemd for eit miniparti som tek upp gamle fordomar, kunde det vera ein likare tanke å skipa eit parti som tok tak i nye framsyner i målleidi. Kva vøre klassisk græsk kulturblomstring eller humanismen og renessansen utan målet? Naïv som eg er, stikk det meg at eit parti som freistar å spreide bjartsyn heller en svartsyn burde få ei betre fagning enn. Eller skal me berre kuppe Naturlovpartiet?

Inga kommentarer: