måndag 15 augusti 2011

Notat um rettskrivingssaki ute

I går sende Norskt Måldyrkingslag og Ivar Aasen-sambandet eit notat til Kulturdepartementet um innstillingi til ny rettskriving for nynorsk. Gjenom drjugt 50 sidor med analyse og slutningar varast me at det er meir åfått ved arbeidet en nokon kunde ha våga å tru.

«Analysen syner at innstillingi til ny nynorskrettskriving i praksis omdefinerer nynorsk til ein variant av bokmål og tek inn ei rad nye former frå bokmål. Metoden som er nytta, er vilkårleg og skjemd av faktafeil. Trass i vidfemnande, men tilfelleleg utkasting av tradisjonelle og typologiske former vert framlegget mindre stramt enn gjeldande rettskriving. Prinsippi frå Stortinget og departementet om sjølvstendig normering av nynorsk og stabilitet i rettskrivingi er heilt tilsidesette. Prosessen har vore einspora, men utan at dei røynlege føresetnadene for arbeidet har vore framlagde for ålmenta, tvert imot det retoriske fokuset på ein «open prosess». Tanken om ei ny «tilrådd norm» gjer narr av heile prosessen.»

Heile notatet finn du her.

No fær me sjå kva Kulturdepartementet synest um denne handsamingi av eit kulturmål.

1 kommentar:

Anonym sa...

Skreiv dette ein annan stad og det høver kanskje her:

Valfridomen er som ugras som veks vilt og tyner jordi me skal leva av. Botevon vert det fyrst når me dreg herket upp med røtene og held det der det høyrer heime. Groblad lækjer og nesle er godt i suppa, men åkeren treng ikkje vera fullgrodd med ugras av den grunn, gjer han vel?