torsdag 22 september 2011

Noko til tilstelling

I dag fekk 2012-normalen, dei kallar no, grønt ljos frå Kulturdepartementet. 1. august 2012 skal dimed Pandora-øskja opnast for fullt i nynorsk rettskriving. Kaoset som råder i dag, skal i nokon mun institusjonaliserast gjenom rettskrivingi. – Med 2012-normalen kan dei fleste skrive nynorsk som før og framleis skrive rett, skrøyter Ottar Grepstad. Hja. «Dei fleste» skriv ikkje rett i dag, og det vert dei venteleg haldand’ fram med. Mange nye bokmålsformer skal no takast inn i offisiell nynorsk, men det gjer ikkje at folk brådt tek til å skrive rett. Nei, det fører til at folk ikkje greider å skilja millom nynorsk og bokmål og tek med seg endå meir målgods frå bokmål når dei skriv nynorsk. Snart kjem det difor krav um å «modernisere» nynorsken endå meir, so den offisielle normi liknar meir på boset dei store tekstprodusentane i stat og forlag fôrar oss med att. – 2012-normalen er laga for å vare svært lenge, segjer Grepstad. Ja, fem år er sikkert lang tid i dag som det er so gjævt med umstellingsprosessar i tid og utid.

Av mange meiningsløysor kann me nemne at det no skal vera forbode å skrive tilstelling, med di alle ord på -stelling skal bytast ut med -stilling. Men det er ikkje noko som heiter tilstilling. Dette illustrerer det vitlause i stoda godt. Kva skal vitugt folk som vil «skrive rett», gjera no? Det finst i grunnen berre tvo kòr:

* Anten kann dei låst som rettskrivingi ikkje finst på dette punktet, og skrive det einaste vituge: tilstelling.

* Eller so lyt dei finne eit anna ord, til dømes arrangement. Eller happening.

– Den nye rettskrivinga er lettare å lære og å lære bort, læt det frå Grepstad, som sannar ordtøket um å ljuge so ein trur det sjølv.

Inga kommentarer: