fredag 30 september 2011

Revestrikar i Språkrådet

Språkrådet gjeng i svar 21. september i Bergens Tidende endeleg ved at korkje Stortinget eller departementet vedtok å taka burt klammeformsystemet i nynorsk, men svarar ikkje på kvifor dei til no hev hevda det motsette. Svaret frå Språkrådet kann få oss til å tru at departementet avviste tidlegare rettskrivingsframlegg på grunn av framhaldet av klammeformsystemet. Det er på ingen måte rett.

Tvert um viste departementet atterhald då dei skreiv at «det kan verka som eit ambisiøst mål å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer, slik styret i Språkrådet har vedteke». At styret i Språkrådet ikkje veit kva dei sjølve hev vedteke, er ikkje truverdigt.

Departementet avviste rettskrivingsframlegget sist gong, av di Språkrådet korkje kunde semjast um sjølve klammeformsystemet eller um kor stor valfridomen skulde vera i ei rettskriving utan klammeformer. Uvissa var for stor. Valfridomen og klammeformsystemet var ikkje vurderte i samanheng – nett som denne gongen òg.

Dette veit Språkrådet, for i bolken «Språkrådets tilrådde norm» i sakpapiri til styremøtet 20. mai heiter det at «nynorskrettskrivinga blir verande vid» og at «som skriftspråk er ikkje nynorsk tent med så vilkårleg utføring. Det vil ikkje vere heldig at det veks fram ein stor underskog av husnormer som ikkje er synlege eller tilgjengelege for omverda». Denne grunngjevingi for «tilrådd norm» tagde derimot Språkrådet opportunt um i tilrådingi til departementet, for denne sannkjenningi syner klårt at mandatet um «ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer» er brote.

Språkrådet grunngjev avslaget på innsyn med at «vi ser det slik at arbeidsdokument som er del av ein intern prosess, er til intern bruk».

Ei slik grunngjeving held ikkje når dei alt hev praktisert meirinnsyn i tilsvarande arbeidsdokument. Fyremålet med undantaket i offentleglovi er å verna arbeidsprosessen, ikkje å verna innehaldet i dokument etter eige tykke.

Språkrådet tvingar gjenom denne rettskrivingi med revestrikar og løyndehald, medan valfridomen i kjerneordtilfanget aukar mot kollaps. Dei ofrar nynorsken for skuld eigen prestisje og eige umdøme.

Inga kommentarer: