onsdag 25 januari 2012

Pedagogiske vanskar

Fyrrdagen fekk Kristin Halvorsen mange lastord frå målrørsla for det flest alle sér som ei varsla nedbyggjing av upplæringi i nynorsk i skulen. Um Halvorsen skal ha lastord for noko her, lyt det helst vera for at ho strøyer sand på eit illtevjande framlegg frå Utdaningsdirektoratet utan å kjenna nåstanken eller utan å gå ved at det ligg ein hund nedgraven einkvan staden. Men lat no SV-Kristin liggja.

Utdaningsdirektoratet har kome med eit framlegg der dei formelle kravi til kompetanse i sidemål (les: nynorsk) skal minskast, og den eigne karakteren i sidemål fell burt. Sér me på røyndi ute i skulen, er det so som so med kompetansen i upplæringi alt i dag. Når den eigne karakteren um so er fell burt, fell siste tildrivet til å gjera noko som helst med nynorskupplæringi burt, det mèd.

Kva dette fær å segja for nynorskkompetansen åt folk flest, er uvisst; alt i dag sér me mange tidlegare elevar som med handi på hjartat sver på at dei ikkje kann – og snaudt skynjar – nynorsk. Skilnaden er at dei no kjem til å kunna segja at denne kunnskapsskorten er i tråd med læreplanen i norsk!

Når ein ikkje lenger kann setja fyre at folk flest har grunnleggjande kompetanse i nynorsk, vert det vandt å halda uppe kravet um at nynorskbrukarar skal sjå nynorsk i møtet med statsorgani. Til det er byråkratiet for stort. Me kann soleis venta at næste stiget vert ei formell utholing av mållovi. Ikkje på dette umkvervet heller svarar røyndi i dag til dei formelle lovkravi, men mållovi har ingi sanksjonsråder, og då so.

Utdaningsdirektoratet ser soleis ut til å på eige tildriv føra ein målpolitikk som vil avskipa nynorsk som jamstelt offisielt mål i Noreg. I staden for å ta tak i dei pedagogiske problemi i undervisingi, vil direktoratet løysa floken ved å klyppa sund heile tråden.

Men har dei andsvaret åleine?

Eller kvifor kann dei i det heile koma med eit slikt vitlaust framlegg?

Jau, dei er ikkje åleine um vitløysa i statlege organ, og største andsvaret ligg fulla på Kulturdepartementet og Språkrådet. Det er dei tvo som styrer med sjølve nynorsken i statleg bunad, og Utdaningsdirektoratet kann ikkje anna en å ta fyre seg den nynorsken dei fær på bordet. Når offisiell nynorsk med virvaret sitt av former utan system og samanhang er vorten ei pedagogisk blautmyr som ingen korkje kjenner skyldnad til eller sér fyremunen i å fylgja, vert dei praktiske vanskane med å læra «normi» so store at det grensar mot løgje og toskeskap å freista låst som det ikkje er dette som er sjølve storvanden i nynorskupplæringi. Men det er det ikkje upp til Utdaningsdirektoratet å segja.

Det me saknar, er ei fast, tydeleg norm som staten nyttar og som elevane lærer, ikkje eit pseudolingvistiskt frigjeringseksperiment med valfrie former i aust og vest som longo har synt seg å ikkje fungera. Fær ein på plass ei slik norm, kann ein laga betre pedagogiske upplegg, og då har ein noko å slå i bordet med når Utdaningsdirektoratet tek lettaste vegen undan jobben sin.

Det gjev seg sjølv at ei slik norm ikkje kann vera eit bleikt avbrigde av bokmål, slik det vedtekne framlegget til ny nynorskrettskriving legg upp til. Dersom tanken med nynorsk vert redusera til ei liti lista med ord som er sereigne for nynorsk, og ein liten tabell med grammatiske former som vik av frå bokmål, slik at eit automatiskt umsetjingsprogram greider biffen, er legitimiteten til nynorsk som kulturarv og eige mål burte.

Det hjelp difor lite alt Håvard Øvregård og Noregs Mållag lirar av seg av i og for seg sers gode argument i striden mot direktoratet – røyndi byggjer ikkje upp under argumenti. Dei lyt byrja med grunnlaget for nynorsk:
  • Ei fast, tydeleg norm for nynorsk som eit eige mål (ikkje «målform») på eigi tuft.
  • Røynleg jamstelling med røynlege sanksjonsråder som gjer at staten lyt syta for å gje folk dei målrettane dei har krav på.
Då kjem resten so mykje lettare.

Inga kommentarer: