fredag 3 februari 2012

Mål og «møl»

Som eit avkjøme av uvêret kring nynorskupplæringi laga VG ein test med ei rad nynorskord, og denne testen var ikkje mindre nyfikin en at den mèd fekk ein viss gaum i nyhendebilætet.

Serleg ansande var det at styreleidaren i Språkrådet, Ottar Grepstad, i dette samanhanget hævda at feitleik er eit ord ingen har høyrt um, og at det heiter «fedme» på nynorsk. «Fedme» stend kje i nynorskordboki, må vita, og med mange liketydande ord som feitleik, feite og fite i nynorsk er det liten grunn til å triva til danske former det fyrste ein gjer.

Grepstad gav òg tokken av at alle ordi i denne testen var «møl» eller avaldra, men brorparten av deim er i røyndi i livande bruk i dag, ja, sume i bokmål dessmeir, og resten av ordi kunde med fyremun nyttast i eit rikt mål.

I staden for å kommunisera positive språkhaldningar, i dette tilfellet mot ordskatten vår, sér det ut til at Grepstad driv hets mot tradisjonell nynorsk, og dét er radt det same som han skuldar VG for å gjera andsynes nynorsken ålment med denne testen. Soleis tér Grepstad seg som ein laus kanon på dekk i Språkrådet, med ein personleg agenda og eit faglegt fåvit som ikkje er i tråd med uppgåva Språkrådet har: å verna um det norske målet og vyrdnaden for det.

Det er kje godt å sjå korleis VG kunde laga ein retteleg test utan å ty til vanskelege ord heller – ein test med gjengs ord hadde kje vore mykje til test. Med eit par undantak (serleg avløysarordi Språkrådet har laga) var VG-testen difor tolleg brukande.

Sermerkte nynorskord er kje kjernen i nynorsk, men utan dei sermerkte ordi er kje nynorsk lenger nynorsk, men ein ny versjon av bokmål. Ottast ein dei sermerkte nynorskordi, har ein difor mist den sjølvtrygge målkjensla som er fyresetnaden for god nynorsk.

Norskt Måldyrkingslag modar upp til å nytta sermerkte nynorskord der dei høver best og grannast til tanken ein vil bera fram. Målet dug kje utan.

Inga kommentarer: